Utløpt

Er du opptatt av klimaet og framtida?

Arbeidsgiver
Linja AS
Stillingstittel
Driftsingeniør ved døgnbemanna driftssentral
Frist
10.05.2021
Ansettelsesform
Fast

Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga. Straumnettet skal frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Eit aukande behov for straum i framtida, og mål om å bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi, gjer straumnettet til ein kritisk infrastruktur for utvikling av samfunnet. 

Både utvinning av ny fornybar energi og ei aukande elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere våre utslepp. Å utvikle robuste og smarte nett er ein viktig del av denne løysinga. 

Vi ser etter deg som ønskjer å bidra i vårt målretta arbeid og engasjement for framtidas løysingar. 


Dine oppgåver:

  • Du vil i hovudsak arbeide med overvaking og styring av våre nett- og produksjonsanlegg
  • Koordinere og leie koblingar i nettet ved aktivitet ute i våre anlegg
  • Leie og koordinere feilrettings- og gjenopprettingsaktivitet
  • Du vil gjennom arbeidet også ha eit tett samarbeid med krafthandel

Du må handtere alt frå dagleg drift til akutt- og beredskapssituasjonar.

Som driftsingeniør ved den døgnbemanna dritssentralenvil du delta i vår heilkontinuerleg skiftordning.


Din bakgrunn:

  • Du har høgskule eller tilsvarande innan elektrofag
  • Du har gjerne erfaring frå drift av høgspenningsanlegg
  • Du har gjerne kjennskap til naudnett
  • Du har gode datakunnskapar og systemforståing


Du er:

  • Strukturert
  • Ein person som jobbar godt, både i lagarbeid og sjølvstendig
  • Den som trivast når det er hektisk, er løysingsorientert og handterer stressa situasjonar godt


 Vi jobbar målretta for eit større mangfald. Vi oppmodar kvinner om å søkje på stillinga


Arbeidsstad er Sandane i Nordfjord

Om arbeidsgiveren

Tidlegare SFE Nett AS har skifta namn til LInja AS.
Straumnettet er ein av dei kritiske infrastrukturane i eit moderne samfunn. Velstanden, tryggleiken og samfunnsutviklinga vår er heilt avhengig av ei trygg og god straumforsyning. I Sogn og Fjordane bidreg SFE Nett til vekst og utvikling for næringar og samfunn – frå dei yste holmar til dei inste fjordarmar.

Straumnettet vårt har ei utstrekning på meir enn 4000 km Rundt 120, eller nær halvparten, av SFE-konsernet sine tilsette arbeider med dette nettet. I eit krevjande terreng, med utfordrande vêrforhold, handterer dei eit regionalnett som strekkjer seg frå Sognefjorden i sør til Sunnmøre i nord, og eit lokalnett som forsyner 23 000 nettkundar i kommunane Gloppen, Eid, Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll og delar av Naustdal.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Sørstandsveien 227, 6823 Sandane
Bransje
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Elektroingeniør

Nøkkelord

nettdrift, nettovervaking, skiftordning, beredskap, feilretting

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Geir Magne Evebø
Stillingstittel
Avdelingsleiar driftssentral
Mobil
90 59 84 21
Følg firma
20 følger dette firmaet

Sørstandsveien 227, 6823 Sandane

Annonseinformasjon

FINN-kode 215354886
Sist endret 30. mai 2021 08:24

Rapporter annonse