Utløpt

Er du opptatt av klimaet og framtida?

Arbeidsgiver
Linja AS
Stillingstittel
Driftsingeniør kraftsystem
Frist
10.05.2021
Ansettelsesform
Fast

Kloden vår ropar etter klimatiltak, og fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga. Straumnettet skal frakte straumen sikkert og effektivt ut og fram til kundane våre. Eit aukande behov for straum i framtida, og mål om å bytte ut fossile energikjelder med fornybar energi, gjer straumnettet til ein kritisk infrastruktur for utvikling av samfunnet. 

Både utvinning av ny fornybar energi og ei aukande elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere våre utslepp. Å utvikle robuste og smarte nett er ein viktig del av denne løysinga. 

Vi ser etter deg som ønskjer å bidra i vårt målretta arbeid og engasjement for framtidas løysingar. 


Dine oppgåver:

  • Som driftsingeniør på kraftssystem vil du ha oppgåver innanfor drift og vedlikehald av distibusjonsnettet frå 0,23 - 22kV.
  • Hovudoppgåvene vil ligge innanfor lågspent nett, samband og vurdering av leveringskvalitet
  • Andre oppgåver innanfor fagfeltet kan vere aktuelle ut i frå kompetanse og søkjar


Dette er deg:

  • Du har bachelor eller tilsvarande innan elektrofaga, elkraft eller automasjon
  • Du har erfaring med planlegging eller drift av aktuelle nettanlegg
  • Du er framoverlent, sjølvstendig og ser nye løysingar på problem du står ovanfor
  • Kunnskap om våre fagsystem er ønskjeleg


Vi jobbar målretta for eit større mangfald. Vi oppmodar kvinner om å søkje på stillinga


Arbeidsstad for stillinga er Florø

Om arbeidsgiveren

Tidlegare SFE Nett AS har skifta namn til LInja AS.
Straumnettet er ein av dei kritiske infrastrukturane i eit moderne samfunn. Velstanden, tryggleiken og samfunnsutviklinga vår er heilt avhengig av ei trygg og god straumforsyning. I Sogn og Fjordane bidreg SFE Nett til vekst og utvikling for næringar og samfunn – frå dei yste holmar til dei inste fjordarmar.

Straumnettet vårt har ei utstrekning på meir enn 4000 km Rundt 120, eller nær halvparten, av SFE-konsernet sine tilsette arbeider med dette nettet. I eit krevjande terreng, med utfordrande vêrforhold, handterer dei eit regionalnett som strekkjer seg frå Sognefjorden i sør til Sunnmøre i nord, og eit lokalnett som forsyner 23 000 nettkundar i kommunane Gloppen, Eid, Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll og delar av Naustdal.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Kyllervegen 6, 6900 Florø
Bransje
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Elektroingeniør

Nøkkelord

nettplanlegging, ingeniør, elkraft, automasjon, nettdrift

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristian Vassbotten
Stillingstittel
Avdelingleiar kraftsystem
Mobil
97 57 74 10
Følg firma
20 følger dette firmaet

Kyllervegen 6, 6900 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode 215354050
Sist endret 30. mai 2021 08:04

Rapporter annonse