Utløpt

Fagansvarleg Løn og HR

Arbeidsgiver
Sparebanken Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Fagansvarleg Løn og HR
Frist
02.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Sparebanken Sogn Og Fjordane

Banken har ledig stilling som fagansvarleg løn og HR ved hovudkontoret i Førde.

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Banken er ein viktig aktør for området og har mykje fokus på bærekraft, likestilling, inkludering og mangfald.
 

Banken har ledig stilling som fagansvarleg løn- og lønsadministrasjon samt HR-oppgåver ved hovudkontoret i Førde. 

Er du ein person som vil ta eigarskap til oppgåver og prosjekt innan løn- og lønsadministrasjon og HR ? Trivast du med å arbeide med folk, vere ein rådgjevar eller coach for leiarar og tilsette? Er du nøyaktig,  god på kommunikasjon og å bygge relasjon og skape tillit, er du kanskje den vi er på jakt etter. 

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte: 

  • Handtering av løn frå A til Å,  for tre selskap via "Aditro lønn og HR " 
  • Ha overordna ansvar for løns- og personaladministrasjonsystem, samt utvikling innan lønsfeltet
  • Følgje opp arbeidsflyt og godkjenning i løns- og personaladministrasjonsystemet 
  • Opprette og avslutte arbeidsforhold i gjeldande system 
  • Avstemming mot rekneskap, arbeidsgjevaravgift, forskotstrekk, finansskatt og årsavslutning 
  • Administrasjon av pensjonsordning for tilsette 
  • Rapportering internt og til det offentlege 
  • Følgje opp krav og refusjonar frå NAV, sjukepengar, svangerskapspengar og fordeldrepengar samt intern fakturahandtering
  • Vere fagleg ressurs i interne løns- og personaladministrasjonsspørsmål, rettleie og vere samtalepart for leiarar og tilsette 
  • Oppdatere interne retningslinjer i gjeldande regelverk 
  • Oppfølging av sjukefråver blant leiar/tilsette 


Til stillinga søkjer vi deg som:

  • Har høgare utdanning innan løn/rekneskap og erfaring med lønsarbeid 
  • Har god kjennskap til gjeldande avtaleverk, lover og reglar innan fagfelt som tarifflavtale, arbeidsmiljølov, folketrygda, ferielov, skattelov, A-ordninga m.m. 
  • Har god økonomiforståing innan lønsområdet og har god skriftlig og munnleg framstillingsevne 
  • Kan arbeide sjølvstendig, nøyaktig, effektivt og strukturert 

Noko av det Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby er eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, høve til utvikling gjennom utfordrande arbeidsoppgåver i ein innovativ og framtidsretta bank. 
Stillinga rapporterer til direktør HR.

Har du spørsmål om stillinga er du velkommen til å kontakte Fagsjef Aslaug Solvær, tlf 952 35 023 eller HR-direktør Eirik Rostad Ness, tlf 951 22 583  
 

Sektor
Privat
Sted
Langebruvegen 12, 6800 Førde
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering,
Kontor og administrasjon / Personlig assistent,
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eirik Rostad Ness
Stillingstittel
HR-direktør
Telefon
95 12 25 83
Kontaktperson
Aslaug Solvær
Stillingstittel
Fagsjef løn
Telefon
95 23 50 23
Følg firma
102 følger dette firmaet

Langebruvegen 12, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 215230069
Sist endret 18. apr. 2021 20:07

Rapporter annonse