Utløpt

Får ord som nettverksdesign, EVPN og 100G deg til å spisse øyrene litt ekstra?

Arbeidsgiver
Sognenett AS
Stillingstittel
Nettverkskonsulent
Frist
09.05.2021
Ansettelsesform
Fast

Får ord som nettverksdesign, EVPN og 100G deg til å spisse øyrene litt ekstra?

Da kjem du til å trivast hjå oss! Dette er noko av det du vil jobbe med;

  • Drift og vedlikehald av Sognenett sitt IP nettverk/kjernenett
  • Konfigurasjon med fokus på redundans og sikkerheit
  • Vere med å utvikle plattforma/nettverket vidare
  • Bidra med teknisk kompetanse inn i nye prosjekt
  • Halde dokumentasjon oppdatert
  • Teknisk støtte til vårt prisvinnande kundesenter
  • Ta del i vaktordning

Er du den me ser etter?

Personen me ynskjer å knytte til laget er framfor alt engasjert i teknologi. Du er sjølgåande, tek initiativ og ansvar, og er ein lagspelar.

Dette er kompetanseområda me ønsker at du kjenner til:

  • Nettverksdrift
  • MPLS/EVPN
  • Cisco IOS-XE/XR
  • Sikkerheit og trygging av nettverk
  • Wifi

Ynskja sertifiseringar:

  • CCNA, CCNP
  • Førarkort klasse B (krav)

Meir fart, Meir moro!

Med eit nettbruk som aukar raskt år for år, er Sognenett godt etablert i ein spennande bransje, kor me ønsker å ligge i forkant. Difor har me slagordet "Meir fart, meir moro!"

For å lykkast hjå oss er det viktig at du:

  • Arbeider sjølvstendig og tek eit tydeleg eigarskap til fagområda dine.
  • Set pris på å jobbe i eit inkluderande fellesskap som saman syter for kompetanseutvikling. Å dele av kunnskap og erfaring er høgt verdsett!
  • Likar å ta initiativ for å utvikle og tenke ut nye løysingar.
  • Snakkar godt norsk

Kva kan me tilby deg?

  • Moglegheita til å vere med å drifte Sognenett sin samfunnskritiske infrastruktur og tenester.
  • Krevjande og utfordrande oppgåver.
  • Gode vilkår og pensjons- / forsikringsavtalar.
  • Kontor i flott omgjevnad mellom fjord og fjell.

Stillinga er fast, 100%.


Om arbeidsgiveren

Sognenett har sitt hovudsete i Sogndal, og har i dag 8000 kundar, privat og bedrift, som stort sett er frå Sogn. Me levera også tenester til bedrifter og operatørar utanfor Sogn.
I Sognenett er me er ein fin gjeng på 20 stykk, som alle brenn for å gje Sogn breiband som skal takla morgondagens behov og krav. Her får alle rom til å vere seg sjølve, og til å bidra. Dette er to særs viktige faktorar som har lagt grunnlag for den utviklinga og suksessen Sognenett har hatt.

No er me ute etter å styrke laget, og sikre suksessen vidare!

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Dalavegen 25, 6856 Sogndal
Bransje
IT,
IT - programvare,
Telekommunikasjon
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT drift og vedlikehold / IT-support,
IT utvikling / IT-sikkerhet

Nøkkelord

it, cisco, wan, networks, ip

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Renate Nesse
Stillingstittel
Nettleiar
Mobil
92 83 60 71
Følg firma
7 følger dette firmaet

Dalavegen 25, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 215056898
Sist endret 27. mai 2021 13:40

Rapporter annonse