Utløpt

Rådgjevar - Etablerersenteret

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar - Etablerersenteret
Frist
30.04.2021
Ansettelsesform
Fast
Ei spennande mogelegheit for deg som ønskjer å hjelpe grunderar med å lukkast!
 
Ved Etablerersenteret er det ledig to 100 % stillingar som rådgjevar. Etablerersenteret er eit offentleg tilbod til grunderar. Det er finansiert gjennom eit spleiselag mellom Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og omkringliggjande kommunar. Etablerersenteret held etablererkurs, gir rettleiing og arrangerer nettverkstreff for grunderar. Vi er bransjenøytrale og rundt 250 grunderar deltar årleg på våre kurstilbod.
 
Etablerersenteret er organisert under seksjon for forsking, kompetanse og internasjonalisering i avdeling for innovasjon og næringsutvikling. Seksjonen har 13 medarbeidarar.
 
Entreprenørskapsstøtte er eit viktig verktøy i arbeidet med innovasjon og næringsutvikling i Vestland, og omstillinga til eit grønare næringsliv. Både dei som ønskjer å starte eiga bedrift og dei som allereie har etablert ei bedrift, skal få hjelp til å utvikle bedrifta på ein berekraftig måte. Vestland fylkeskommune har sett i gong eit arbeid for å utforme ei heilskapleg teneste for entreprenørskapstøtte i Vestland. Etablerersenteret vil vere ein del av ei slik satsing. 

Arbeidsoppgåver

  • Individuell rettleiing av grunderar
  • Planleggje og gjennomføre kurs og andre arrangement
  • Dialog med kommunar og næringslivsaktørar
  • Marknadsføring
  • Analysearbeid
  • Andre oppgåver kan leggjast til stillinga

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • Relevant universitets-/høgskuleutdanning på masternivå. Søkjarar med utdanning på bachelornivå og med lang relevant erfaring kan vere aktuelle for stillinga, men vil i så fall bli tilsett som spesialkonsulent, og ikkje som rådgjevar.
  • Erfaring med forretningsutvikling, entreprenørskapsstøtte og rådgjeving
  • God økonomiforståing og oppdatert kunnskap om entreprenørskapsteori
  • Erfaring med digital samhandling og digital kommunikasjon
  • God skriftlig og munnleg framstillingsevne
  • God forståing og kunnskap om digitale løysingar
  • Gode engelskkunnskapar

 

Det er ein føremon med:

  • Erfaring som kursinstruktør
  • Erfaring frå å drive eigen bedrift
  • Kjennskap til innovasjonsstrukturen i Vestland
  

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandslivegen 30, 5254 Sandsli
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kurs og opplæring,
Markedsfører,
Rådgivning

Nøkkelord

Entreprenørskap, Grunder, Rådgivning, Vestland, Markedsføring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kathrin Jakobsen
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
98 25 52 53
Følg firma
1072 følger dette firmaet

Sandslivegen 30, 5254 Sandsli

Annonseinformasjon

FINN-kode 214968950
Sist endret 19. apr. 2021 09:43

Rapporter annonse