Utløpt

Spesialrådgjevar – regional forskingsadministrasjon

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Spesialrådgjevar – regional forskingsadministrasjon
Frist
25.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Forskings- og utviklingsavdelinga i Helse Bergen har regionale oppgåver innan forsking, og teamet som handterer regionale forskingsoppgåver lyser ut ein ny, fast 100 % stilling som spesialrådgjevar. Stillinga er ved Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking, som er organisert til Forskings- og utviklingsavdelinga. Kompetansesenteret gir rådgjeving og støtte til helseføretaka, og har eit initierande og koordinerande ansvar for nettverksfunksjonar innan forsking og innovasjon i helseregionen. Kompetansesenteret er sekretariat for Helse Vest sitt samarbeidsorgan med regionens universitets- og høgskuleinstitusjonar, Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon. 

Vi søkjer etter ein medarbeidar med høg kompetanse og relevant erfaring frå forskingsadministrativt arbeid på overordna nivå som kan bidra til å styrkje regionalt og nasjonalt samarbeid om forsking. Spesialrådgjevaren vil samarbeide tett med fagleiar ved kompetansesenteret og med leiinga i regionen og andre helseføretak. Spesialrådgjevaren vil inngå i eit team av medarbeidarar som har som oppgåve å støtte det regionale helseføretaket i arbeidet kring forsking og innovasjon på eit overordna nivå. 

Arbeidsoppgåver

  • Styrkje og vidareutvikle strategisk samarbeid om forsking, både på regionalt og nasjonalt nivå
  • Organisere og leie ulike arbeidsgrupper
  • Arrangere konferansar og nettverkssamlingar
  • Utgreiingsarbeid, saksførebuing og oppfølging av saker, inkl. oppfølging av Helse Vest sine forskingsmidlar
  • Det kan vere aktuelt med andre oppgåver innanfor temaområdet forsking og innovasjon.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på mastergradnivå
  • Relevant erfaring frå forskingsadministrativt arbeid på overordna nivå
  • Erfaring med å leie utgreiingsarbeid og arbeidsgrupper blir vektlagt
  • Kjennskap til organisering og styring av norsk helsevesen blir vektlagt
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne blir vektlagt, og søkjar må beherske norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Vere initiativrik, sjølvstendig og analytisk
  • Kunne jobbe målretta og resultatorientert, men også vere fleksibel
  • Ha god evne til å organisere, vere flink til å prioritere arbeidsoppgåver
  • Ha gode samarbeidsevner og å vere eigna til jobbens krav

Vi tilbyr

  • Vi kan tilby spennande utfordringar i ein organisasjon som er i sterk utvikling, dyktige og engasjerte kollegaer samt interessante og krevjande arbeidsoppgåver
  • Lønn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Samfunnsviter

Nøkkelord

forsking, forskingsadministrasjon, utgreiingsarbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sølvi Lerfald
Stillingstittel
Fagleiar
Telefon
55 97 47 34
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 214946684
Sist endret 19. mai 2021 16:25

Rapporter annonse