Utløpt

Spennande stilling for deg som har leiarerfaring og vil jobbe med utdanning og tilsyn

Arbeidsgiver
Statsforvalteren i Vestland
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar - utdanning
Frist
30.04.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statsforvaltaren i Vestland
Om stillinga

Utdannings- og verjemålsavdelinga hjå Statsforvaltaren i Vestland har ansvar for rettleiing, tilsyn og forvaltningsoppgåver innan barnehage- og opplæringssektoren i fylket. Avdelinga skal sjå til at dei nasjonale måla for utdannings- og barnehagepolitikken vert gjennomført ute i kommunane. Dette gjer vi mellom anna ved å behandle klager frå foreldre og elevar, rettleie kommunar om regelverk og statleg politikk, og ved å gjennomføre tilsyn av kommunane sin praksis.

Avdelinga har vel 60 tilsette i tre seksjonar, ein verjemålseksjon og to utdanningsseksjonar (tilsyn og forvaltning), fordelt på kontorstadane Leikanger og Bergen.

I tilsynsseksjonen er det no ledig ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar ved kontorstad Leikanger. 


Arbeidsoppgåver
  • Tilsyn etter opplæringslova og barnehagelova
  • Klagehandsaming etter opplæringslova og barnehagelova
  • Informere og rettleie kommunar og ålmenta om innhald, lovverk og mål i den nasjonale utdanningspolitikken

Kvalifikasjonar
  • Høgare utdanning
  • God kunnskap om kommunesektoren, offentleg forvaltning og Statsforvaltaren si rolle i styringssystemet
  • Interesse for utdanningssektoren

Ønskelege kvalifikasjonar

  • Erfaring frå leiing i skule og/eller kommunal forvaltning

Personlege eigenskapar

Vi søkjer kandidatar som har

  • evne til å følgje og fordjupe seg i eit fagfelt, og synleggjere aktuelle problemstillingar i eige fylke
  • evne til å kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte, både skriftleg og munnleg
  • vilje og evne til å samarbeide, både med kollegaer og eksterne, om å løyse oppgåvene på best mogeleg måte

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår:

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/ 1364 seniorrådgjevar, frå kr 520 000 til 650 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.      

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du hos seksjonsleiar Mats Petter Sydengen på telefon 93425237, eller e-post mapsy@statsforvalteren.no


Om arbeidsgiveren

Statsforvaltaren er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Statsforvaltaren skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.

Statsforvaltaren i Vestland har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.

Sektor
Offentlig
Sted
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler,
Undervisning og pedagogikk / Inspektør,
Undervisning og pedagogikk / Rektor / Ass. Rektor
Følg firma
379 følger dette firmaet

Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 214914140
Sist endret 14. apr. 2021 08:57

Rapporter annonse