Utløpt

Psykologspesialist/Psykolog         

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Psykologspesialist/ Psykolog
Frist
23.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

                                                       Vil du vere med på å utvikle tilbod om heroinassistert behandling (HAB)?

Avdeling for rusmedisin, LAR, skal etablere prøveprosjekt med Heroinassistert behandling (HAB). Tilbodet skal vere ein del av legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og skal driftast i nært samarbeid med Bergen kommune. Tilbodet skal vere i full drift i løpet av 2021.
 
Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga har ein LAR seksjon, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spanande utvikling, mellom anna knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med Psykisk helsevern. Forskingseksjonen i AFR har fleire spanande forskingsprosjekt i LAR og deltar i den nasjonale forskinga på HAB.
 
Heroinassistert behandling er eit tilbod for ei utvald målgruppe av personar med avhengigheit til heroin, som ikkje har hatt tilstrekkeleg behandlingseffekt av ordinær LAR. Det som skil HAB frå LAR er først og fremst legemiddelet. Diacetylmorfin (heroin) kan bli inntatt ved intravenøs injeksjon eller som tablettar og må bli inntatt fleire gongar i døgeret. Dette til forskjell frå LAR-legemiddel (metadon, buprenorfin) som blir inntatt éin gong i døgeret.
 
LAR er organisert i 7 team, inkludert HAB-teamet. Kvart team er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar, sosionomar og erfaringskonsulent. Teama har ansvar for substitusjonsbehandlinga, men også øvrig tverrfagleg spesialisert behandling og rehabilitering av pasientane. Psykologkompetansen er svært viktig i den integrerte behandlinga som tilbys.
 
Psykologens oppgåver er diagnostisering og behandling, samt å bistå andre behandlarar i LAR med utgreiing og behandlingsplanlegging. Rettleiing av øvrige tilsette vil også vere ein viktig oppgåve. Samhandling med andre delar av spesialisthelsetenesta (t.d. psykisk helsevern) og kommunen er viktig for å sikra pasientane heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester. Psykologen vil vere del av den faglege leiinga, som skal etablere, utvikle og drifte behandlingstilbodet i  HAB
 
HAB vil halde til i nye og rehabiliterte lokale i Bergen Sentrum. Det er planlagd ein eigen opplæringsperiode for heile personalgruppa før oppstart av pasientbehandlinga.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av heroinavhenegige, ofte i kombinasjon med psykisk helsetilstandar
  • Samhandling og rettleiing av øvrig personale i teamet.
  • Samarbeid og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester
  • Deltaking i internt utviklingsarbeid og rettleiing er forventa

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med arbeid innan rusbehandling og psykisk helsevern vil vere ein føremon, men ingen føresetnad
  • Interesse for å arbeide med ei pasientgruppe med komplekse problemstillingar og som er "hard to reach"
  • Må vere innstilt på og tykkjer det er spanande å arbeide utradisjonelt 
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bidra til  å bygge opp eit triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Om arbeidsgiveren



Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Østre Muralmenningen 7, 5012 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Psykologspesialist,, psykolog,, Heroinassistert, behandling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Svanhild Mellingen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 01 00
Kontaktperson
Vibeke Bråthen Buljovcic
Stillingstittel
Teamleiar HAB
Telefon
94 79 89 83
Følg firma
2251 følger dette firmaet

Østre Muralmenningen 7, 5012 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 214909931
Sist endret 14. apr. 2021 14:01

Rapporter annonse