Utløpt

Høgskulelektor i kjemididaktikk/ kjemi

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Høgskulelektor
Frist
09.05.2021
Ansettelsesform
Fast
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som høgskulelektor i kjemididaktikk/kjemi ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i  Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen.


Ansvars- og arbeidsområde:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie, vurdere og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til 5-årig grunnskulelærarutdanning i 1-7 og 5-10, barnehagelærarutdanninga, og innanfor etter- og vidareutdanning.
  • Arbeidsoppgåver innan desentralisert kompetanseutviklingsmodell i skule og regional kompetanseutviklingsmodell i barnehage, og/eller kurs og oppdragsverksemd.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde.  Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar som praksisfeltet.
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøe
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.

Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga.


Kvalifikasjonar:

For fast tilsetjing som høgskulelektor må søkar ha avlagt mastergrad/hovudfag i kjemididaktikk/kjemi med godt resultat. Normalt vil det vere karakter B eller betre på masteroppgåve og på gjennomsnitt av studiedel av masterstudiet.

Søkar må i tillegg dokumentere utdanningsfagleg kompetanse i tråd med føringane i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129)   

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Følgande teller positivt i vurderinga:

  • Undervisningskompetanse (60 stp) i biologi/biologididaktikk eller fysikk/fysikkdidaktikk
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og lærarutdanning
  • Internasjonal erfaring

Krav til utdanningsfagleg kompetanse for høgskolelektor:

  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.
    Kvalifikasjonar innanfor undervisning i grunnskule eller vidaregåande opplæring vil bli tillagt stor vekt.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 5 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 


Vi tilbyr:

Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling

Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje. 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

Assisterande instituttleiar Merete Økland Sortland +4753491428/+4790955465, mos@hvl.no


Samspel, bærekraft og nyskaping 

Samspel, bærekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no/)

Video: https://youtu.be/z-Py_In-Eyg (https://youtu.be/z-Py_In-Eyg)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.
 
Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.
 
Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt ph.d.-program Danning og didaktiske praksisar.
 
Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Sektor
Offentlig
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
954 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 214712768
Sist endret 30. apr. 2021 14:48

Rapporter annonse