Utløpt

Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgiver
Helse Førde
Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Frist
23.04.2021
Ansettelsesform
Fast

Nordfjord BUP har ledig 100% stilling for psykologspesialist/psykolog frå 1. august 2021.

Poliklinikken har 14 medarbeidarar i faggruppene overlege/LIS, psykologspesialistar/psykolog, sosionom/barnevernpedagog, pedagog, miljøterapeut og administrasjonskonsulent. Dei fleste er spesialistar i sitt fagfelt. Vi arbeider tverrfagleg i team.

Nordfjord BUP er ein seksjon i avdeling for Psykisk helsevern, barn og unge i Helse Førde. Avdelinga består av tre poliklinikkar og ein sengepost.
Nordfjord BUP dekkjer geografisk kommunane Stad, Gloppen, Stryn og Måløy-delen av Kinn, som til saman har ei barnebefolkning i underkant av 7000.

Vi legg stor vekt på å ha eit godt samarbeid med førstelinja for å sikre at barn, unge og familiar får rett hjelp på rett nivå til rett tid. 

Nordfjord BUP sitt motto er: Vi utviklar oss i samspel heile livet!

Vi søkjer etter psykologspesialist/psykolog som er interessert i å jobbe med barn, unge, familiar og som liker å samarbeide med med andre for å få bidra til gode endringssprosessar.

Menn vert oppmoda om å søkje. 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreie, diagnostisere og behandle psykiske- og nevropsykiatriske lidingar hos barn og unge
  • Samarbeide med førstelinja og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent spesialist i klinisk psykologi, barn og unge / godkjent psykolog
  • Beherske norsk svært godt både munnleg og skriftleg 
  • Ha god system- og rolleforståing   

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å møte barn, unge og foreldre slik at dei opplever seg sett og forstått
  • Gode evner til å samarbeide med andre fagpersonar på ein likeverdig og respektfull måte slik at vi kan gjere kvarandre betre
  • Fagleg nysgjerrigheit, engasjement, kreativitet og fleksibilitet i møte med arbeidsoppgåver
  • Like varierte utfordringar og må trivast i eit aktivt og travelt miljø 

Vi tilbyr

  • Mange spennande arbeidsoppgåver
  • Eit aktivt tverrfagleg fellesskap med høg kompetanse, som er ope for nye tankar/idear og alltid søkjer etter fornying og forbetring 
  • God fagleg vidareutvikling: internundervisning og kursing, evt. arbeidspraksis og rettleiing
  • Løn etter gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 7, 6770 Nordfjordeid
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Psykologspesialist, psykolog, BUP, barn, ungdom

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mary-Ann Refseth
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
57 86 43 50
Følg firma
67 følger dette firmaet

Sjukehusvegen 7, 6770 Nordfjordeid

Annonseinformasjon

FINN-kode 214285343
Sist endret 9. apr. 2021 13:27

Rapporter annonse