Utløpt

Helsefagarbeidar vikariat

Arbeidsgiver
Modalen kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
24.04.2021
Ansettelsesform
Vikariat

Kort om stillinga

Me har ledig 2 stillingar.

Ein 100 % stilling 2 delt turnus med arbeid kvar 3 helg frå 23.08.21 –14.04.22. Vikariatet kan verte forlenga.

Ein 75,12 % stilling 3 delt turnus med arbeid kvar 3 helg frå 06.07.21 - 01.03.22. Vikariatet kan verte forlenga.

Modalen kommune si pleie- og omsorgsteneste har ein sjukeheim som ligg idyllisk til på Øvre Helland, ca. 15 min å køyre frå kommunesenteret på Mo. Me leverer og tenester til heimebuande i kommunen. I fortsetjinga har me behov for å styrkje bemanninga innanfor helsefag.

 

Arbeidsoppgåver og ansvar

  • Helsefaglege oppgåver på Modalstunet.
  • Helsefaglege oppgåver retta mot heimebuande brukarar.
  • Medverknadsansvar for å sikre brukarane kvalitativt gode tenester.
  • Medverknadsansvar for å sikre implementering og bruk av digitale tenester, samt velferdsteknologi.
  • Ta del i kommunen sine kvalitetsutviklingssystem
  • Bidra til god ressursutnytting.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.


Kompetansekrav

  • Fagbrev som helsefagarbeidar.
  • Sertifikat for bil, kl. B manuelt gir.
  • Evne til å ta del i endrings- og utviklingsarbeid.
  • Norskkunnskapar på min. B1-nivå.


Våre ynskje om deg

  • Du er positiv, fagleg nyfiken og glad i å drøfte faget ditt.
  • Du er raus, utviser tolmod og er reflektert i din omgong med brukarar, pårørande og kollegaer.
  • Du er oppteken av ditt eige ansvar med å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er oppteken av å halde deg fagleg oppdatert.
  • Du er ryddig og strukturert.
  • Du er oppteken av å vere ein god kollega og roser gjerne andre på din veg.
  • Du har høg ansvarskjensle og gjennomfører godt det du skal.


Me kan tilby

  • Tilsetjings- og arbeidsvilkår itråd med tariffavtale.
  • Hjelp til å skaffe bustad v/ behov. Moglegheit for å !eige kommunal bustad.
  • Moglegheit for å overnatte på sjukeheimen frå kvelds- til dagvakt.
  • Eit godt fagleg miljø med høg kompetanse.
  • Pensjonsavtale i KLP.

 

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Balane 36, 5729 Modalen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Margrethe Laastad Kvamme
Stillingstittel
Pleie- og omsorgssjef
Telefon
56 59 90 91
Følg firma
7 følger dette firmaet

Balane 36, 5729 Modalen

Annonseinformasjon

FINN-kode 214284401
Sist endret 21. mai 2021 13:52

Rapporter annonse