Utløpt

Vil du bli vår nye Kvalitetsleiar?

Arbeidsgiver
Brødrene Sperre
Stillingstittel
Kvalitetsleder
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Vi søker kvalitetsleiar med erfaring frå næringsmiddelindustri. Fokuset vårt er retta mot auka bearbeiding av alle produkta vi arbeider med. I tillegg til rolla som kvalitetsleiar skal du derfor, saman med leiinga i selskapet, ha rolla som koordinator og pådrivar i arbeidet med produksjon av ferdigvare og produktutvikling. Du må vere strukturert, og ha eit sterkt engasjement for produkt, produktutvikling og kvalitetsleiing.


Viktige ansvarsområde:

  • Kjennskap til regleverket for matproduksjon
  • Utvikling av vårt kvalitetssystem VisWeb, og ein aktiv pådrivar i bruk av systemet
  • Vidareføring av dei sertifiseringane fabrikkane har (FSSC 22000, MSC, HACCP)
  • Hygieneopplæring av tilsette, med særskilt fokus på oppfølging av arbeid med reinhald
  • Kontroll av hygiene og avviksbehandling
  • Mikrobiologisk prøvetaking
  • Ansvarleg for revisjonsaktivitetar (intern- og ekstern revisjon)
  • Oppfølging av kundekrav, i samarbeid med seljar


Vi søker deg som har slik kompetanse / slike eigenskapar:

  • Interesse for produktutvikling og produksjonsprosess
  • Utdanning innan næringsmiddelfag eller tilsvarande relevant praksis
  • Erfaring frå næringsmiddelindustri
  • Beherske verktøy for datarapportering
  • Kan inspirere, har gode samarbeidsevne og er løysingsorientert
  • Systematisk og grundig med fokus på kvalitet
  • Positiv, påliteleg og evne til å tenkje nytt
  • God til å kommunisere profesjonelt overfor interne og eksterne samarbeidspartar


Som arbeidsgivar kan vi tilby:

  • Sikker arbeidsplass i eit stort sjømatkonsern
  • Konkurransemessig løn og personlege vilkår
  • Moderne anlegg og utstyr
  • Utviklingsmoglegheiter i ei spennande bedrift


Kontorstaden er på Ellingsøya, men ansvaret ditt gjeld og oppfølging av fabrikkane våre i Ålesund, Hustad, Sula og i Lofoten.


For spørsmål, ta kontakt med dagleg leiar Inger-Marie Sperre, telefon 924 03 932

Søknadsfrist: Så snart som mogleg og seinast 26. april 2021.

Søknadane blir vurdert etter kvart som dei kjem inn.

Om arbeidsgiveren

Brødrene Sperre AS er ein av landets største produsentar og eksportørar av sjømat.

Vi produserer og sel klippfisk, pelagisk fisk og frosen kvitfisk til marknader over heile verda. Vi er stolte av å kunne sysselsette 150 årsverk i tilknyting til våre fire produksjonsanlegg i Ålesund kommune. Vi eksporterer og store delar av produksjonen frå dei andre selskapa i Sperrefish-konsernet; Vikomar AS, Hopen Fisk AS og Sevrin Tranvåg AS.
Vår visjon er å vere førstevalet i hele verdikjeda, frå fisken svømmer i havet til den ligg på tallerkenen.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Privat
Sted
Ellingsøyvegen 680, 6057 Ellingsøy
Bransje
Fiskeri og oppdrett,
Matvareproduksjon og -industri
Stillingsfunksjon
Kvalitetssikring,
Produksjon

Nøkkelord

Kvalitetsleiar, Produktutvikling, Produksjonsprosss, Audit, Sjømat

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Inger-Marie Sperre
Stillingstittel
Daglig leder
Mobil
92 40 39 32
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
11 følger dette firmaet

Ellingsøyvegen 680, 6057 Ellingsøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 214243892
Sist endret 21. mai 2021 10:16

Rapporter annonse