Utløpt

Vil du vere med å videreutvikle Nore Neset ungdomsskule?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Nore Neset ungdomsskule
Stillingstittel
Undervisningsstillingar
Frist
18.04.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Ledige undervisningsstillingar, faste og vikariat, frå 01.08.2021

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Nore Neset ungdomsskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2021-22 vil skulen ha om lag 465 elevar.

Verdigrunnlaget vårt byggjer på tre fokusområde: "Meistring, tryggleik og anerkjenning". Oppdraget i Kunnkapsløftet 2020 er sentralt i vårt arbeid med å fornya verdigrunnlaget, prinsipp for læring og arbeidet i klasserommet. Forsking viser at elevane har størst utbyte av læringsarbeid saman med klassen og vi organiserer opplæringa i basisfaga med delte klassegrupper.

Du kan lesa meir om Nore Neset ungdomsskule på nettsida vår: www.nnus.no

Arbeidsoppgåver
Kontaktlæraroppgåver og undervisning i fleire fag på ungdomstrinnet.

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. 

Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.

Skulen har særleg behov for kompetanse innan faga norsk, matematikk, engelsk, tysk og kunst & handverk. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette.
Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
5217 Hagavik
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

pedagogikk, undervisning, læringsmiljø, ungdomsskole, utviklingsarbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øystein Holmaas
Telefon
92 04 46 30
Følg firma
483 følger dette firmaet

5217 Hagavik

Annonseinformasjon

FINN-kode 214211751
Sist endret 16. apr. 2021 14:20

Rapporter annonse