Utløpt

Vil du vere med å videreutvikle Os ungdomsskule?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule
Stillingstittel
Undervisningsstillingar
Frist
18.04.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Ved Os ungdomsskule det ledig fleire undervisningsstillingar frå 01.08.2021. Det er både faste stillingar og vikariat i ulike storleikar.

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Os ungdomsskule ligg sentralt til i Os sentrum, har 55 tilsette og 419 elevar fordelt på 5-6 klassar på kvart trinn.
Elevtalet er aukande i åra som kjem.

Arbeidsoppgåver 
Undervisning på ungdomstrinnet. 

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utdanning frå utlandet skal vera NOKUT godkjent. Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Relevant utdanning/kompetanse for undervisning i eit eller fleire fag for ungdomstrinnet. Vi ønsker særleg kompetanse innan basisfaga norsk og engelsk. Vi treng også kompetanse innan musikk, kroppsøving, realfag, arbeidslivsfag og samfunnsfag. Vi søker etter kloke og fagleg dyktige medarbeidarar som har evne til å skape gode relasjonar til elevane. Fleire av stillingane har kontaktlærarfunksjon. Søkarane vil verte vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.

 Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette.
Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

pedagogikk, undervisning, læringsmiljø, ungdomsskole, utviklingsarbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Elde Wolden,
Telefon
56 57 59 01
Kontaktperson
Renate Onstad
Telefon
56 57 59 04
Følg firma
482 følger dette firmaet

5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 214209666
Sist endret 14. apr. 2021 14:02

Rapporter annonse