Utløpt

To ledig vikariat

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Høgskulelektor/høgskulelærar i sjukepleie
Frist
22.04.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig to 100 % mellombelse stillingar som høgskulelektor/høgskulelærar innan fagområde sjukepleie ved Fakultet for helse-og sosialvitskap - campus Førde

Stillingane er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt helse- og omsorgsvitskap, fagseksjon bachelor sjukepleie.

Eit ledig vikariat som høgskulelektor/høgskulelærar i perioden 01.05.2021 til 31.08.2023

Eit ledig vikariat som høgskulelektor/høgskulelærar i perioden 01.05.2021 til 30.04.2022

Stillingane er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga, men ein må også rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver på andre studietilbod i instituttet.

Arbeidsstad er campus Førde.


Ansvars- og arbeidsområde:
  • Undervisning, rettleiing og evaluering innan fagområde spesialisthelsetenesta og/eller kommunehelsetenesta og emne knytt til fagseksjonen sine studieprogram og fakultetet sine forskingsprofilar
  • Bidra innan dei ulike faglege institusjonsbyggande oppgåvene, som til dømes studiekoordinering, emneansvar og utvikling av forskingsgruppene
  • Forsking- og utviklingsarbeid med relevans for fagområde spesielaisthelsetenesta/kommunehelsetenesta
  • Samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129) fastsett av Kunnskapsdepartementet.

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad innan fagområdet og profesjonskompetanse
  • For tilsetting som høgskuleleærar må søkjar ha autorisasjon som sjukepleiar 
  • Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk i tillegg til engelsk
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, som til dømes erfaring med å skaffe ekstern finansiering og med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med praksisfeltet
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid og/eller arbeidserfaring
  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
  • God evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskaplege arbeid (inntil 15 stk.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål. 
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. 

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 15MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor/høgskulelærar er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 høgskulelektor/1007 høgskulelæra.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Georg Førland, tlf 52 70 26 36 / 948 65 911

2) Fagseksjonsleiar Anny Aasprang, tlf 57 67 76 13 / 959 29 066


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.



Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.



HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.



Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.



Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.



Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Svanhaugvegen 1, 6812 Førde
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
964 følger dette firmaet

Svanhaugvegen 1, 6812 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 214197501
Sist endret 8. apr. 2021 17:45

Rapporter annonse