Seksjonsleiar - Seksjon for medisinsk teknologi - SNR(Sjukehuset Nordmøre og Romsdal) -
- Arbeidsgiver
- Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar medisinsk teknologi - SNR(Sjukehuset Nordmøre og Romsdal)
- Frist
- 26.04.2021
- Ansettelsesform
- Fast
Nyoppretta og spennande stilling innan medisinsk teknologi i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal(SNR).
Vi søker etter SEKSJONSLEIAR.
Medisinsk teknologi er i ei rivande utvikling med mange spanande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver og utfordringar framover.
Seksjonen har i dag tilsaman 10 dyktige ingeniørar og teknikarar som skal yte service inn mot SNR-Hjelset og SNR-Kristiansund.
Seksjonen er ein av fem seksjonar i Avdeling for eigedomsdrift og medisinsk teknologi i Helse Møre og Romsdal HF.
Arbeidsstad er Molde/Hjelset eller Kristiansund.
Arbeidsoppgåver
- Personalansvar for medarbeidarane i seksjonen.
- Ressursplanlegging og kompetanseutvikling.
- Budsjett og resultatansvar.
- Bidra til og sikre at seksjonen blir drifta i samsvar med overordna føringar, fullmakter og rammer.
- Samarbeide med interne og eksterne aktørar.
- Legge til rette for god kommunikasjon og eit godt arbeidsmiljø i seksjonen.
- Leie ut frå føretaket sine kjerneverdiar; kvalitet, tryggleik og respekt.
Kvalifikasjonar
- Høgskule-/universitetsutdanning med spesiell vekt på medisinsk teknologi/elektronikk gjerne i kombinasjon med IT-fag.
- Arbeidserfaring med kjennskap til drift og forvaltning av medisinsk teknisk utstyr.
- Gode leiareigenskapar og gjerne leiarerfaring.
- Relevant praksis og leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidseigenskapar og serviceinnstilling.
- Evne til å motivere medarbeidarar.
- Evne til å bygge gode relasjonar og bygge felles kultur.
- Evne til å delegere oppgåver.
- Målretta og løysingsorientert.
- Tydeleg og synleg som leiar.
- Gode kommunikasjonsevner så vel skriftleg som munnleg.
Vi tilbyr
- Arbeid i eit hektisk og spennande miljø i utvikling.
- Kompetente og engasjerte kollegaer, og tverrfagleg samarbeid.
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP.
Vi ber om at dokumentasjon på utdanning og arbeidspraksis vert lasta opp og scanna som vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Vil du
gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til
alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og
nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best
mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men
har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus
finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi
behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!
Vi ønsker
leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande
for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i
utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som
kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å
drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir
deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling
gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med
dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
Vi minner
om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei
slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til
følgje.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 6412 Molde
- Flere arbeidssteder
-
- 6508 Kristiansund N
- 7004 Trondheim
- 5009 Bergen
- 9010 Tromsø
- Bransje
- Elektronikk,
- Helse og omsorg,
- IT
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør / Elektroingeniør,
- IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
- Ledelse
Nøkkelord
teknologi, IT, drift, elektronikk, ledelse
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Peter Inge Østrem
- Stillingstittel
- Avdelingssjef
- Telefon
- 91 11 89 33
6412 Molde