Utløpt

Studieadministrativ prosjektleiar

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Prosjektleiar
Frist
26.04.2021
Ansettelsesform
Prosjekt
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling i 100 % som prosjektleiar 

Stillinga har varigheit i to år, med tiltreding så snart som mogleg. Stillinga er plassert i studieadministrasjonen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Stillinga er campusovergripande og får ansvar for tiltak og oppgåver på campus Stord, Bergen og Sogndal.

Om stillinga

Til stillinga ligg ansvar for å koordinere tiltak på fakultetet knytt til læringsmiljø og studiemestring. Oppgåver med utgreiing og igangsetting av studentretta utviklingsprosjekt vil vere sentralt. Stillinga vil også ha oppgåver innanfor fakultetet si satsing på digitalisering av arbeidsprosessar på det studieadministrative feltet. I tillegg kan det vere aktuelt å legge nokre studieadministrative driftsoppgåver til stillinga for å mogleggjere aktiv deltaking frå fast stab i utviklingsprosjekta.

Den som går inn i stillinga må vere ein dyktig organisator, ha gode gode samarbeidsevner og kunne ta sjølvstendig ansvar for oppgåver.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:
  • Igangsetting, koordinering og drift av studentassistentordning
  • Samarbeid med og rettleiing av studentassistentar
  • Samarbeid med utdanningsleiing, fagmiljø og administrasjon om tiltak for studentar
  • Informasjonsarbeid retta mot studentar og tilsette
  • Saksutgreiing og kartlegging av behov i samband med utviklingsprosjekt
  • Utvikling og kvalitetssikring av studieadministrative rutinar
  • Igangsetting av prosjekt innanfor det studieadministrative området
  • Digitalisering av arbeidsprosessar innanfor det studieadministrative feltet
  • Studieadministrative driftsoppgåver

Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.


Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på minst bachelornivå
  • Relevant arbeidserfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • God digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar

  • Arbeidserfaring frå studieadministrasjon i universitets- og høgskulesektoren
  • Kjennskap til lærarutdanningane
  • Erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert og ryddig
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Løysingsorientert og kreativ

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1113 - prosjekteiar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.


Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV. 


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

Eli Borsholm, studieadministrativ leiar
tlf: 55 58 59 57 / 92 02 91 50 

Trude Myklebust, teamleiar studie
tlf. 55 58 59 74 / 97 56 44 28


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be (https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett.  HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Sektor
Offentlig
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 6856 Sogndal
  • 5414 Stord
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Prosjektledelse
Følg firma
964 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 214034475
Sist endret 7. apr. 2021 12:41

Rapporter annonse