Utløpt

To stipendiatstillingar ved Institutt for samfunnspsykologi

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
To stipendiatstillingar ved Institutt for samfunnspsykologi
Frist
15.05.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Universitetet i Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Stipendiatstillingar

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultetet, er det ledig to universitetsstipendiatstillingar (100%). Stillingane er for ein åremålsperiode på 4 år, med 25% undervisningsplikt. Stillingane er ein del av grunnbevillinga til Det psykologiske fakultet, og er finansiert av UiB. Planlagt oppstart er september 2021.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Instituttet vil nytte universitetsstipendiatstillingane til å styrke pågåande forskingsfelt ved instituttet i regi av våre forskingsgrupper, med hovudrettleiar tilsett ved Institutt for samfunnspsykologi.

Institutt for samfunnspsykologi har 8 forskingsgrupper og dei fleste av våre tilsette er knytt til ein av desse gruppene, men me har også tilsette som er med i forskingsgrupper ved andre institutt. 

  • Forskingsgrupper ved Institutt for samfunnspsykologi:
    • Forskningsgruppen for arbeidsmiljø, ledelse og konflikt (https://www.uib.no/fg/bbrg)
    • Forskningsgruppen for avhengighetsforskning (https://www.uib.no/fg/fgav)
    • Bergen søvn og kronobiologinettverk (https://www.uib.no/fg/sc)
    • Forskningsgruppe for beslutningstaking, intuisjon, bevissthet og emosjoner (https://www.uib.no/fg/dice-lab)
    • Forskningsgruppen for kulturelt mangfold i samfunn og arbeidsliv (https://www.uib.no/fg/saw)
    • Forskningsgruppen for operativ psykologi (https://www.uib.no/fg/oprg)
    • Forskningsgruppen for psykisk folkehelse (https://www.uib.no/fg/pf)
    • Forskningsgruppen for sosial kognitive studier innenfor turisme (https://www.uib.no/fg/jdm-sc)
       
  • Forskingsgrupper ved Det psykologiske fakultet med medlemmer som er tilsett ved Institutt for samfunnspsykologi:
    • Forskningsgruppen for kognisjon og læring (https://www.uib.no/fg/bclg). Kontaktperson i samband med denne utlysinga er: Lise Øen Jones (https://www.uib.no/personer/Lise.%C3%98en.Jones)
    • Forskningsgruppen SIPA -Sosial innflytelse på ungdoms atferd og helse (https://www.uib.no/fg/sipa). Kontaktperson i samband med denne utlysinga er: Nora Wiium (https://www.uib.no/personer/Nora.Wiium)

Dersom du vil søkja på stillinga, må du ta kontakt med potensiell rettleiar eller forskingsgruppe og utvikle ei prosjektskisse. Lenke til mal for prosjektskisse finn du her (http://vedlegg.uib.no/?id=d5bb3adaa99aa3d316d4374cba816023).

Tilsetting som stipendiat skjer på grunnlag av tidlegare utdanning og tidlegare vitskapelege arbeid samt kvalitet og relevans på idé og planar for forskingsprosjekt. Sjølve forskingsprosjektet som kandidaten søker om, vil oftast bli vidareutvikla i samråd med den aktuelle forskingsgruppa og rettleiarar. 

Stipendiaten vil ha sin arbeidsplass i Bergen, ved Institutt for samfunnspsykologi (ISP).


 Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må på søknadstidspunktet enten ha oppnådd ein mastergrad i psykologi eller cand.psychol-grad, eller ha sluttført tilsvarande kvalifikasjonar, eller vil fullføre den i vårsemesteret 2021. Ettersendingsfristen for vitnemål oppnådd våren 2021 er 1. august 2021.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Undervisningserfaring er ein fordel.
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillingane gjeld følgande:

Stipendiatstillingane er åremålsstillingar på 4 år der 25% er pliktarbeid knytt til undervising. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. 

Om forskarutdanninga:
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert  opp mot krava for opptak til den organiserte forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet.

Nærare om forskarutdanninga ved Det psykologiske fakultet her (https://www.uib.no/psyfa/43601/forskerutdanning-ved-det-psykologiske-fakultet).


Vi tilbyr:
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Søknaden skal innehalde:
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Prosjektskisse (maks 10 sider inkl. referansar, Times New Roman, skriftstorleik 12)
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV.
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning). Ettersendingsfristen for vitnemål oppnådd våren 2021 er 01.08.2021 og dette skal sendast til kari.skodje@uib.no og post@psyfa.uib.no.
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT (https://www.nokut.no/).
  • Relevante attestar.
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar, masteroppgåve m.m.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar/professor Torbjørn Torsheim, Institutt for samfunnspsykologi, +47 55 58 33 01, e-post: Torbjoern.Torsheim@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.  

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5 (https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5)


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Christiesgate 12, 5015 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Følg firma
708 følger dette firmaet

Christiesgate 12, 5015 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 213914993
Sist endret 7. mai 2021 14:04

Rapporter annonse