Utløpt

Likar du tal, menneske, frukt og bær?

Arbeidsgiver
Lerum AS
Stillingstittel
Rekneskapsansvarleg/Controller
Frist
30.04.2021
Ansettelsesform
Fast

Vi treng ny Rekneskapsansvarleg/Controller

Vi søkjer no ein fagleg sterk rekneskapsansvarleg/ controller med driv og godt humør. Vi leitar etter deg som har heilheitleg forståing for rekneskap og skatt, som kan løfte blikket og prioritere godt. Vi ønskjer oss ein positiv og løysingsorientert ny kollega, som kommuniserer godt på tvers av organisasjonen. Du jobbar sjølvstendig, men trivast også godt med teamarbeid og kompetansedeling. I tillegg har du god arbeidskapasitet og stor eigeninteresse for å holde deg fagleg oppdatert.


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og overvaking av det grunnleggande rekneskapsarbeidet
  • Utarbeiding av rekneskap for selskapa i konsernet
  • Månadsavslutning og årsoppgjer
  • Budsjettering og prognosar
  • Rapportering til offentlege myndigheiter
  • MVA, skatt og avstemmingar
  • Rekneskapsoppfølging mot budsjett
  • Controlleroppgåver, økonomiske analysar, rapportar etc.
  • Bidra til vidareutvikling og forbetring av rekneskapsprosessane


Kompetanse

  • Høgre utdanning innan rekneskap og revisjon 
  • Autorisert rekneskapsførar eller revisor
  • Fagleg trygg med minimum 3-5 års relevant arbeidserfaring
  • God systemforståing og IT-kunnskapar
  • Erfaring frå rekneskapssystem – gjerne også erfaring frå ERP-system


Kven er du?

  • Strukturert, nøyaktig og analytisk
  • Proaktiv og engasjert
  • Gode og tydlege kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Pådrivar med glimt i auga
  • Er glad i saft og syltetøy


Lerum sine verdiar er ekte, stolt, ærleg og engasjert, dette er verdiar vi også ser etter når vi rekrutterar. Det er korte beslutningsvegar på tvers i organisasjonen, og som tilsett hjå oss får du ta del i utviklinga av saft- og syltetøyeventyret.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø i nye og moderne kontorlokale på Kaupanger. Det er høgt tempo der trivelege kollegaer i administrasjon og produksjon jobbar saman for å stadig oppnå nye og saftige mål.


HJÅ OSS I LERUM ER BEREKRAFT EI SJØLVFØLGE 

Det har det vore sidan augustdagen i 1907 då to stampar med bær vart ståande att på kaien på Sørheim. Vi kan ikkje kaste bær, sa Kari Lerum. Og slik oppstod Lerum. Sidan den gong har Lerumfamilien safta og sylta bær gjennom fire generasjonar med handverkstradisjonar, og vore ein pådrivar for lokal utvikling. Å foredle betyr å bevare. Å ta vare på. For vår bærkrets handlar det om å ta vare på naturen. Frukt og bær. Menneske. Ernæring. Og lokalsamfunnet som vi er ein del av. Som den vesle, norske utfordraren kan vi ikkje vere best på alt. Men vi kan vere best på det som ligg i kjernen av vår natur – frukt og bær. Og skal vi få til noko stort på ein liten plass, må vi løfte saman med tilsette, forbrukarar, næringsliv og myndigheiter. Skal vi få til noko på ein liten plass, må vi løfte i lag.

Om arbeidsgiveren

Lerum er ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy og jus. Den tradisjonsrike verksemda har produsert varer til norske hushaldningar sidan 1907. Lerum er familieeigd, der fjerde generasjon Lerum no er eigarar.

I 2020 hadde Lerumkonsernet ein brutto omsetnad på ca. 630 mill. kroner og 130 tilsette. Lerum ligg i saftbygda Sogndal i Sogn og Fjordane, i eit av dei beste frukt- og bærdistrikta i landet.

Lerum er ein av Noregs største leverandørar av saft, syltetøy og jus. Lerum er sertifisert etter matvarestandarden BRC, med moderne produksjonsanlegg, høg kompetanse og høg produktkvalitet.

Vi er lokalisert på Kaupanger, i Sogndal kommune. Vi er omgitt av nydleg natur med fjell og fjordar rett utanfor døra, samstundes som vi har eit sentrum som tilbyr koslege kafear og butikkar som tilbyr det meste ein kunne tenkje seg.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Kloppavegen 13, 6854 Kaupanger
Bransje
Industri og produksjon,
Matvareproduksjon og -industri,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Controller,
Økonomi og regnskap / Regnskap

Nøkkelord

regnskap, økonomi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trude Ramstad
Stillingstittel
HR-direktør
Mobil
952 20 028
Kontaktperson
Kjersti Røysum Petty
Stillingstittel
Økonomisjef
Mobil
468 99 495
Følg firma
20 følger dette firmaet

Kloppavegen 13, 6854 Kaupanger

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 213052152
Sist endret 12. mai 2021 11:00

Rapporter annonse