Utløpt

Vil du vera med å utvikla reiselivet i Sunnhordland?

Arbeidsgiver
Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS
Stillingstittel
Reiselivsutviklar (100%)
Frist
12.04.2021
Ansettelsesform
Fast

Er du ein samfunnsengasjert person med sterk interesse for å leggje til rette for næringsutvikling i heile Sunnhordland-regionen? Trivst du med relasjonsbygging på ulike arenaer, er sjølvstendig og evner å ha mange oppgåver samtidig? Då er du den me ser etter!

Arbeidsoppgåvene dine vil vere prosjektutvikling, kommunikasjon og marknadsføring, og relasjonsbygging. For å lukkast i stillinga må du vere god til å leie og gjennomføra prosjekter. Effektiv kommunikasjon både engelsk og norsk (skriftleg og munnleg) er avgjerande for suksess. Ettersom det meste av det me arbeider med skjer i team, både internt og eksternt, må du også ha gode samarbeidsevner. Kjennskap til regionen, kommunane og næringslivet i Sunnhordland er ein klar fordel.


Ansvarsområde:

  • Leie ulike prosjekt innan Visit Sunnhordland og Bu i Sunnhordland.
  • Bidra til vidareutvikle både selskapet og nye prosjekt.
  • Kommunikasjon.
  • Digital marknadsføring.
  • Relasjonsbygging.


Du har:

  • Erfaring innan kommunikasjons- og påverknadsarbeid.
  • Erfaring frå digital marknadsføring.
  • Erfaring frå prosjektarbeid/prosjektleiing.
  • Innsikt i det offentlege verkemiddelapparatet.
  • Relevant høgare utdanning, gjerne innan kommunikasjon, marknadsføring, prosjektleiing.
  • Arbeidserfaring på minimum 3 år med relevante arbeidsoppgåver.


Kva kan me tilby:

  • Flat struktur og kor den enkelt tilsette er vår største verdi.
  • Ein kultur der alle hjelper alle, "alle for ein" betyr mykje hos oss.
  • Me tilbyr ein interessant stilling kor du får vere med å påverke beslutningsprosessar i regionen.
  • Du vil bli ein del av eit arbeidsmiljø kor du får svært god moglegheit til å utvida nettverket ditt og jobba med beslutningstakarar både i næringslivet og i offentleg sektor.
  • God pensjonsordning og forsikringar.
  • Fleksitid.
  • Kontor sentralt på Leirvik og heimekontorløysning.    


Om arbeidsgiveren

Samarbeidsrådet for Sunnhordland jobbar med samhandling, attraktivitet og verdiskaping i regionen. Samarbeidsrådet for Sunnhordland er eigd av 8 kommunar: Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Viktige langsiktige prosjekt er: Visit Sunnhordland, Bu i Sunnhordland og Geopark Sunnhordland. Me jobbar med prosjekt som utviklar samfunnet, blant anna samferdsel, annan infrastruktur, næringsutvikling, helse og utdanning. Overordna for alt me gjer er FN sine sytten berekraftsmål.

Målforma i Samarbeidsrådet for Sunnhordland er nynorsk. Søknad sendes til: tora@samarbeidsraadet-sunnhordland.no innan 12.04.2021. Me gler oss til å møte deg!

•For informasjon og spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Tora Haslum
Myklebust tlf. 412 17 024.
•For meir informasjon om Samarbeidsrådet for Sunnhordland sjå:
www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no
•For meir informasjon om Visit Sunnhordland sjå: www.visitsunnhordland.no
•For meir informasjon om Bu i Sunnhordland sjå: www.buisunnhordland.no

Sektor
Offentlig
Sted
Borggata 57, 5403 Stord
Bransje
Markedsføring og annonsering,
PR, informasjon og kommunikasjon,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Markedsfører,
PR og informasjon,
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tora Haslum Myklebust
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
412 17 024
Følg firma
6 følger dette firmaet

Borggata 57, 5403 Stord

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 212953271
Sist endret 10. mai 2021 18:08

Rapporter annonse