Utløpt

Prosjektleiar vedlikehald i region Midt-Norge

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Prosjektleiar
Frist
18.04.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg treng fleire flinke medarbeidarar, og vi søker no etter ein prosjektleiar som ønsker utfordrande og spennande oppgåver innan eigedom, bygg og anlegg. 

Region Midt-Norge strekker seg frå Setnesmoen i sør til Drevjamoen i nord, med mest aktivitet på Ørland, Værnes og i Trondheim. Avdeling Eigedomsforvaltning sitt ansvar er å forvalte, drifte og vedlikehalde eigedom, bygg og anlegg som Forsvarsdepartementet eig og som Forsvaret leiger.

Som prosjektleiar vedlikehald vil hovudoppgåva vere prosjektleiing av tildelte prosjekt innanfor vedlikehald, utvikling og komponentutskifting. Du vil inngå i eit team på 8 prosjektleiarar pluss leiar, og vi ser etter ein lagspelar som ser nytta av godt samarbeid og viktigheita av å bidra til eit godt miljø.

Stillinga rapporterer til leiar for prosjekteininga i regionen.

Arbeidsstad vil vere på Ørland eller Værnes.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i Offentleglova – jamfør særleg Offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på våre karrieresider www.forsvarsbygg.no/jobb 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvarleg for gjennomføring av tildelte prosjekt innanfor vedlikehald, utvikling og komponentutskifting
  • Leie vedlikehaldsoppdrag og utviklingsprosjekt, irekna dokumentasjonsansvar iht budsjett og tiltaksplanar
  • Sjå til at økonomiske målsettingar blir overhalde og at alle oppdrag er iht vedtatt HMS/Internkontroll og samordningsansvar
  • Bistå i investeringsprosjekter
  • Koordinere utføringar med andre involverte einingar
  • Ansvarshavande ovanfor offentlege myndigheiter i bygg- og anleggssaker

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på bachelornivå. Søkarar med anna relevant utdanning som teknisk fagskule kombinert med lang relevant prosjekterfaring kan komme i betraktning
  • Relevant erfaring frå prosjektleiing og anna prosessleiing
  • Relevant erfaring frå eigedom, bygg og anlegg
  • Du har god kjennskap til gjeldande lovverk som plan og bygningslova mv.
  • Det er ønskeleg at du har erfaring med bruk av kontraktsstandardar, eksempelvis NS 8405, 8406 og 8407
  • Førarkort klasse B
  • Du må kunne tryggingsklarerast og autoriserast for Hemmeleg/NATO Secret

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • Du er sjølvstendig og initiativrik
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Du er strukturert og systematisk 
  • Du er resultatorientert og har god gjennomføringsevne
  • Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagt

Vi tilbyr

  • Lønn som prosjektleiar (kode 1113) frå kr. kr 552.800 – til kr. 667 200 pr år (Ltr. 62 - 72). Endeleg lønnsinnplassering vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar
  • Ein utfordrande, spennande og hektisk jobb blant gode kollegaer
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste

Om arbeidsgiveren

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi kan for eksempel legge til rette med tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor
Offentlig
Sted
Værnes Flystasjon 7500, 7500 Stjørdal
Flere arbeidssteder
  • 7129 Brekstad
Bransje
Bygg og anlegg,
Eiendom,
Forsvar og militær,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse

Nøkkelord

Prosjekt, Prosjektleder, Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eldar Tøraasen
Stillingstittel
Leiar stab
Telefon
92 01 75 78
Kontaktperson
Gunn Anita Engvik
Stillingstittel
Leiar prosjekteininga
Telefon
41 85 92 44
Følg firma
3063 følger dette firmaet

Værnes Flystasjon 7500, 7500 Stjørdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 212558601
Sist endret 26. mar. 2021 15:51

Rapporter annonse