Utløpt

Sjukepleiar 100% fast - Somatisk avdeling - Fjell sjukeheim

Arbeidsgiver
Øygarden kommune -
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast - Somatisk avdeling - Fjell sjukeheim
Frist
12.04.2021
Ansettelsesform
Fast

Om avdelinga:

Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.

Sjukeheimen har 42 pasientar fordelt på somatisk avdeling med 34 pasientar  og dementavdelinga med 8 pasientar.

Somatisk avdeling har avlastningsplassar, korttidsplassar og langtidsplassar.

Avdelinga er delt inn i 3 Fløyer

Det er eit godt og triveleg fagmiljø og arbeidsmiljø. Avdelinga har god dekning med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, leger og musikkterapeut. Pasientane får fysioterapi og ergoterapi etter behov.

Vi treng no ein dyktig og kunnskapsrik sjukepleiar i teamet vårt. Vi håper at du er den rette sjukepleiaren og ønskjer deg velkomen til å søkje på stillinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiarfaglege oppgåver
  • Ivareta pasientanes individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid.

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå sjukeheim

Personlege eigenskapar:

  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
  • Serviceinnstilt og tek avgjerdar
  • Fleksibel og strukturert
  • Målbevisst og resultatsorientert
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

Anna:

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i turnus er for tida løna kr 25 000 per år over gjeldande tariff i Øygarden kommune.

Ved intern tildeling kan anna stilling bli ledig.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt: Einigsleiar: Ruth N Bakke tlf: 55 09 74 13  /  903 60 110

                Avd.leiar:   May-Britt Hægland tlf: 951 60 647

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Fjell sjukeheim er ein aktiv behandlingssjukeheim med totalt 44 sengeplassar. Vi har eiga skjerma eining for menneskjer med demens sjukdom. Vi har høg fokus på behandling og opptrening slik at pasientane kan skrivast ut til heimen. Vi har også høg fokus på palliativ behandling.

Sektor
Offentlig
Sted
Blombakkane, 5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Helsepersonell

Nøkkelord

Sjukepleiar, Sjukepleier, Sykepleier, Sykepleiar, Helse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
May-Britt Hægland
Telefon
95 16 06 47
Kontaktperson
Ruth Nordeide Bakke
Telefon
55 09 74 13
Følg firma
323 følger dette firmaet

Blombakkane, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 212444440
Sist endret 25. mar. 2021 15:46

Rapporter annonse