Utløpt

Avdelingsleiar 100% fast - Heimetenesta sone Straume

Arbeidsgiver
Øygarden kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar 100% fast - Heimetenesta sone Straume
Frist
12.04.2021
Ansettelsesform
Fast

Arbeidsoppgåver:

Oppgåver som avdelingsleiar er mange, spennande og varierte.

Ein del av primæroppgåvene er blant anna:

  • Ansvar for innhald, kvalitet og utvikling av tenestetilbod i samarbeid med einingsleiar
  • Delegert personal- og fagansvar
  • Medverka til at brukar får tenester dei har krav på i hht behov, vedtak og avtalar.
  • Ansvar for dagleg drift av og tilrettelegging av tenesta
  • Relasjonsorientert og endringsbasert leiing
  • Ansvar for oppgåver som til ei kvar tid måtte bli delegert frå einingsleiar

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Leiarutdanning eller anna relevant vidareutdanning
  • God norsk med munnleg og skriftleg framstillingsevne

Ynskjeleg med:

  • Ynskjeleg med leiarerfaring
  • Erfaring frå arbeid i heimetenesta er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å gripe moglegheiter og oppnå resultat, aleine og saman med andre
  • Evne til å samarbeide i leiarteam

Vi søkjer ein leiar som har evne til å sjå medarbeidarar, som klarer å utvikle seg sjølv og sine tilsette, og som er opptatt av å skape gode relasjonar og bidra til arbeidsglede. Som leiar arbeider du administrativt, og det blir viktig at du engasjerer deg i dei faglege utfordringane i tenesta. Du må og vere systematisk, strukturert, kunne arbeide sjølvstendig og ta slutningar. Vi ynskjer ein leiar som trivest med, og som er positiv og initiativrik i forhold til endringar.    

Anna:

  • Arbeidstid 37,5 timar i veka
  • Søknadsfrist 12.04.2021

Vi tilbyr:

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • God trivsel i gruppa
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Fleksitid

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Administrasjonsspråket er nynorsk. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Skjenet, 5354 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Sykepleier,
Sykepleier

Nøkkelord

avdelingsleiar, sykepleier, hjemmesykepleien

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Brit Larsson
Telefon
55 09 71 82
Følg firma
320 følger dette firmaet

Skjenet, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 212328306
Sist endret 24. mar. 2021 15:02

Rapporter annonse