Utløpt

Sjukepleiar eller anna relevant helsefagleg utdanning

Arbeidsgiver
Koronasenteret
Stillingstittel
Tilkallingsvikar Koronasenteret - massevaksinering
Frist
01.05.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Stillingsinformasjon:
Vi søker etter tilkallingsvikarar som kan inngå i team som jobbar med massevaksinering og oppfølging av Korona i Alver kommune. Arbeidet er i utgangspunktet kveldstid , men i periodar kan det vere behov for å bemanne dagar også.

Om Koronasenteret

Alver Koronasenter vart etablert i mars 2020 og bemannar kommunens Korona-telefon og utfører testing for Korona samt bistår med å organisere helsepersonale til massevaksingeringsarbeidet. 

Arbeidsoppgåver:

Delta i vaksinseringsarbeidet. Fortrinnsvis i Nordhordlandshallen kveldar  etter oppsatt plan. For tida tysdagar og torsdagar. 

Kvalifikasjonskrav:

Offentleg godkjend  ( autorisert) sjukepleiar eller anna relevant helsefagleg utdanning som gjer ein kvalifisert til å setje dei ulike Koronavaksinene. 

Vilkår

Tilsett som tilkallingsvikar / ringevikar. med mellombels tilsetjing i tidsrommet 15/2 2021  - 30/6 2021. Det kan bli aktuelt å avtale vakter i turnus som gjev ei stillingstorleik som t.d. dekker periodar med behov for auka bemanning. 

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale basert på kompetanse og erfaring
  • Utfordrande og gjevande arbeid i eit godt fagmiljø
  • God pensjonsordning

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt HR-avdelinga.

Søknadsfrist : SNARAST RÅD - vi tek kontakt fortløpande med aktuelle søkarar.

 

Om arbeidsgiveren

Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.

For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Sykepleier / Helsesykepleier

Nøkkelord

Massevaksinering, Koronasenteret

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjetil Morken
Telefon
56 34 90 07
Følg firma
415 følger dette firmaet

Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 210569380
Sist endret 15. mar. 2021 09:02

Rapporter annonse