Utløpt

Drøymer du om å bli rektor i ei vakker fjellbygd?

Arbeidsgiver
Bykle kommune
Stillingstittel
Rektor Fjellgardane skule og Bykle barne- og ungdomskule
Frist
05.04.2021
Ansettelsesform
Fast

Vi søker etter 2 rektorar, ein til Fjellgardane skule og ein til Bykle barne- og ungdomskule

Fjellgardane skule ligg på Hovden i Setesdal og er ein 1-7 skule og har om lag 50 elevar. Bykle barne- og ungdom skule ligg i flotte omgivnader i Bykle kyrkjebygd i Setesdal, og er ein 1 - 10 skule og har omlag 60 elevar. Bykle kommune har gode skular og ønskjer oss rektorar som kan vere med å gjere sitt til at vi blir endå betre. Skulane er godt utstyrte, inkludert svært gode digitale verktøy, for både lærarar og elevar. Det er gode uteområde med mulegheit for uteundervisning. Skuleutvikling og gode læringsmiljø er viktige for oss. Rektor skal vera ein fagperson med pedagogisk utdanning som har jobba mykje med og i skule. Me ser etter deg som er engasjert og har kompetanse om læring, samarbeid og utvikling. Den som blir tilsett må ha gode samarbeidsevner og innsikt i administrative oppgåver som økonomi, personaloppfølging og lovverk.

Arbeidsoppgåver

  • Fag-, økonomi og personalansvar
  • Samarbeid med interne og eksterne aktørar
  • Motivere tilsette og elevar til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Vere ein pådrivar og leie utviklingsarbeidet på skulen
  • Følje opp dei avtalane og satsingsområda skulane har
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk utdanning/lærarutdanning
  • Pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring
  • Ha god innsikt i det faglege og pedagogiske arbeidet
  • Leiarerfaring er ein fordel
  • Søkjarane må ha god norskkunnskap skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Målretta, beslutningsdyktig og resultatorientert
  • Evne til å engasjere og motivere med fokus på gode prosessar og involvering av medarbeidarar
  • God fagkompetanse og legitimitet
  • Evne å vere tydeleg, demokratisk, sjølvstendig, trygg og modig.
  • Positiv og fleksibel  
Det blir ved tilsetting lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til å samarbeide

    Vi tilbyr

    • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
    • Løn etter avtale
    • God pensjons- og forsikringsordningar
    • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
    • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
    • Bedriftsleilighet i Kristiansand

     

    Det vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga.

    Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

    Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.

    Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. 

    Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering

    Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar

    Om arbeidsgiveren

    Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.


    Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette

    Sektor
    Offentlig
    Antall stillinger
    2
    Sted
    Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Helene Nilsen
    Stillingstittel
    Kst.personalsjef
    Telefon
    48 89 00 50
    Kontaktperson
    Karina Sloth Grindland
    Stillingstittel
    Kommunedirektør
    Telefon
    48 00 80 06
    Følg firma
    48 følger dette firmaet

    Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 209995396
    Sist endret 4. mar. 2021 16:42

    Rapporter annonse