Utløpt

Fast 100 % stilling som kontaktlærar

Arbeidsgiver
Bergen kommune
Stillingstittel
Fast 100 % stilling som kontaktlærar
Frist
17.03.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bergen Kommune

Ytre Arna barneskule er ein barneskule i Arna bydel med 50 tilsette og 260 elevar. Ytre Arna barneskule har velkomstklasse for nyankomne minoritetsspråklege elevar frå 3.-7.trinn som bur i Arna og Åsane. Frå Åsane terminalen eller togstasjonen i Indre Arna er det om lag 10 minutter å køyre til skulen.

Visjonen til skulen er "Lat dei gode kreftene sigra. Trivsel, tryggleik og læring for alle". Visjonen gir retning for arbeidet på skulen. Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderandre miljø for elevar og tilsette er sterkt vektlagt i skulen og på SFO. På Ytre  Arna skule ynskjer vi å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for saman å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø. 

Skulens leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar som har nært samarbeid og tett oppfylging av alle våre tilsette. Elevane på Ytre Arna skule  har nynorsk eller bokmål som hovudmål. 

Skulens hovudsatsingsområde er: 
-  Ny læreplan, tverrfagleg undervisning, dybdelæring
-  Olweus program for å hindre mobbing og Forandre med varme, verktøy for godt skulemiljø 
-  Grunnleggjande ferdigheter
-  Bruk av digitale verktøy

 

Arbeidsoppgaver

Skulen har ledig ein fast stilling som kontaktlærar i 100 % stilling på 4.trinn frå 01.08.2021. Vi ynskjer å rekruttera ein varm og dyktig klasseleiar, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetninga. Vi ynsker at du er ein trygg, varm, kreative og initiativrike lærar. Menn oppfordrast til å søkje.

Kvalifikasjoner

  • Godkjend lærarutdanning for undervisning 1.-7.steg
  • Undervisningskompetanse i norsk og matematikk
  • Utdanning i praktiskestetiske fag vil vera ein fordel 
  • God digital kompetanse
  • God kompetanse i å bruke både nynorsk og  bokmål som målform

Personlige egenskaper

  • Du er ein trygg,varm og tydeleg læringsleiar 
  • Du møter alle elevar, kollegaer og føresette med respekt og forståing
  • Du har gode evner for samarbeid og likar å arbeide i team
  • Du er fagleg engasjert, fleksibel og løysingsorientert
  • Du er ansvarsbevisst og strukturert
  • Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar som ynskjer utvikling
  • Ein spannande kvardag med gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode velferdsordningar
  • IA-bedrift
  • Dyktige kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø 

Om arbeidsgiveren

Bergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte.

Sektor
Offentlig
Sted
5265 Ytre Arna
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

Kontaktlærer, 100%, fast, stilling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørg Guro L Pedersen
Stillingstittel
Rektor
Følg firma
5732 følger dette firmaet

5265 Ytre Arna

Annonseinformasjon

FINN-kode 209728353
Sist endret 2. mar. 2021 09:22

Rapporter annonse