Utløpt

Førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor matematikkdidaktikk (midlertidig)

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor matematikkdidaktikk
Frist
27.03.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 4 mellombelse stillinger som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i matematikkdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Stillingane inngår i  Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Bergen. Dei 3 stillingane er ledig i perioden 01.08.2021 - 31.07.2022, medan den andre er eit toårig engasjement  i perioden 01.08.2021 til 31.07.2023.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering av studentoppgåver. Du må kunne undervise både i grunnskulelærarutdanningane (1-7 og 5-10) og barnehagelærerutdanninga. Arbeidsoppgåver innanfor etter- og vidareutdanning og/eller kurs og oppdragsverksemd kan også vere aktuelt, avhengig av kva kompetanse du har, og instituttet/fagmiljøet sine behov
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
  • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga

Kvalifikasjonskrav:

Kriteria for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:  
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129 (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129)

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad i matematikk/matematikk didaktikk. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

For tilsetning som høgskolelektor må det dokumenterast avlagt master/hovudfag i matematikk/matematikkdidaktikk, master i utdanningsvitenskap og master i læring og undervisning med masterfag matematikk.

Det blir lagt vekt på pedagogisk kompetanse og erfaring frå undervisningsarbeid i skule og/eller barnehage og/eller lærarutdanning/høgare utdanning.

Den som blir tilsett må kunne undervise i dei sentrale emna i grunnskulelærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga, også på nett.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga og søkjar må dokumentere utdanningsfagleg kompetanse i tråd med føringane i Forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar. (https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/kriterier-for-utdanningsfaglig-basiskompetanse-ved-ansettelse-og-opprykk-i-forsteam-2020.pdf)

Følgande teller positivt i vurderinga:

  • Formell praktisk-pedagogisk kompetanse
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og/eller høgare utdanning
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT
  • Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju med prøveundervisning.

Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no (http://www.jobbnorge.no) ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektorer lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Instituttleiar, Kristin Hinna, 55585949 / 90556083, khi@hvl.no


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://youtu.be/z-Py_In-Eyg (https://youtu.be/z-Py_In-Eyg)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med  viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Sektor
Offentlig
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
964 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 209428725
Sist endret 27. feb. 2021 15:31

Rapporter annonse