Utløpt

Sjukepleiar 100% fast - Somatisk avdeling Fjell sjukeheim

Arbeidsgiver
Øygarden kommune - Fjell sjukeheim
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast - Somatisk avdeling Fjell sjukeheim
Frist
14.03.2021
Ansettelsesform
Fast

Om avdelinga:

Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.

Sjukeheimen har 42 pasientar fordelt på somatisk avdeling med 34 pasientar og dementavdelinga med 8 pasientar.

Somatisk avdeling har avlastningsplassar, korttidsplassar og langtidsplassar.

Avdelinga er delt inn i 3 Fløyer.

Det er eit godt og triveleg fagmiljø og arbeidsmiljø. Avdelinga har god dekning med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, leger og musikkterapeut. Pasientane får fysioterapi og ergoterapi etter behov.

Vi treng no ein dyktig og kunnskapsrik sjukepleiar i teamet vårt. Vi håper at du er den rette sjukepleiaren og ønskjer deg velkomen til å søkje på stillinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiarfaglege oppgåver
  • Ivareta pasientanes individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervising og tverrfagleg samarbeid.

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå sjukeheim 

Personlege eigenskapar:

  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskje
  • Serviceinnstilt og tek avgjerdar
  • Fleksibel og strukturert
  • Målbevisst og resultatorientert
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Ved intern tildeling kan anna stillingsstorleik bli ledig.

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Fjell sjukeheim er ein aktiv behandlingssjukeheim med totalt 44 sengeplassar. Vi har eiga skjerma eining for menneskjer med demens sjukdom. Vi har høg fokus på behandling og opptrening slik at pasientane kan skrivast ut til heimen. Vi har også høg fokus på palliativ behandling.

Sektor
Offentlig
Sted
Blombakkane, 5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Eldreomsorg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
May-Britt Hægland
Telefon
95 16 06 47
Kontaktperson
Ruth Nordeide Bakke
Telefon
55 09 74 13
Følg firma
323 følger dette firmaet

Blombakkane, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 209336164
Sist endret 26. feb. 2021 18:37

Rapporter annonse