Utløpt

Vestlandets mest spennande sommarjobb

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Sommarvikar
Frist
21.03.2021
Ansettelsesform
Vikariat

VIL DU HA SOMMARJOBB PÅ SJUKEHUSAPOTEKET I BERGEN?

Sjukehusapoteket i Bergen er eit av landets største apotek, med omlag 130 tilsette. Sjukehusapoteket har fem avdelingar: Publikumsapotek, to produksjonsavdelingar, sjukehusekspedisjon og avdeling for farmasøytiske tenester. Vi leverer tenester til dei fleste einingane i Helse Bergen, samt andre private institusjonar og kommunehelsetenester.

Vi treng sommarvikarar frå juni (veke 25) til august 2020 (veke 32).  I søknaden er det difor viktig at du informerer om perioden du kan arbeide.

Arbeidsoppgåver

  • Vi treng vikarar i sjukehusekspedisjonen, produksjonsavdelinga og publikumsavdelinga 
  • Arbeidsoppgåvene er innan vareflyt, kundeservice, innspriting, produksjon og sal
  • Andre oppgåver kan òg tilkomme i høve til kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar

  • Vi oppmodar særlig farmasistudentar, gjerne med ekspedisjonsrett, elevar på apotekteknikarlinja eller studentar innan anna
    helsefag om å søke
  • Du har god IKT kompetanse, og beherskar norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, serviceinnstilt og ansvarsbevisst
  • Du samarbeidar godt med andre, er nøyaktig og taklar høgt arbeidstempo
  • Det vil bli lagt vekt på å vera personleg egna til stillinga

Vi tilbyr

  • Sommarjobb i eit kompetent og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Løn ihht avtale
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer

Om arbeidsgiveren

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.


Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga.

Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Jonas Lies vei 89, 5053 Bergen
Bransje
Farmasi og legemiddel
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Nøkkelord

sommerjobb, sykehusapotek, apotek, student, farmasi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Annette Askildsen Solberg
Stillingstittel
Administrasjonssjef
Telefon
97 65 52 81
Kontaktperson
Ina Ottesen
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
41 28 34 97
Følg firma
194 følger dette firmaet

Jonas Lies vei 89, 5053 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 209294795
Sist endret 26. feb. 2021 12:12

Rapporter annonse