Utløpt

Fast stilling som førsteamanuensis i historie

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis
Frist
18.03.2021
Ansettelsesform
Fast
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig fast stilling som førsteamanuensis i historie ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap

Om stillinga:

Den utlyste stillinga er organisatorisk knytt til Institutt for samfunnsvitskap, arbeidsstaden er Sogndal.

Stillinga er ledig frå 1. august 2021.


Ansvars- og arbeidsområde:

 

Til stillinga ligg det undervisning, rettleiing av studentar og fagleg utviklingsarbeid, forsking og formidling ved dei samfunnsvitskaplege utdanningane, hovudsakleg knytt til bachelorutdanninga i historie og årsstudia i historie og i samfunnsfag, både campus- og nettstudia. Bachelorstudiet er eit treårig disiplinstudium med ei blanding av fagspesifikke og tverrfaglege samfunnsfaglege emne. Studiet har også ein praksiskomponent. Den som blir tilsett, må vere budd på å undervise på alle historieemne i bachelorutdanninga, med vekt på tida etter 1500. Den som blir tilsett, må også rekne med å få ei sentral rolle i samfunnsfagundervisninga på lærarutdanningane.

Den som blir tilsett i stillinga, kan få oppgåver knytt til høgskulen sitt arbeid med utvikling av nye emne og utdanningstilbod. Forsking og utviklingsarbeid på problemstillingar med relevans til faget ligg også til stillinga. Til stillinga vil det også liggja oppgåver knytt til rettleiing av fagtilsette i kompetanseløp. Søkjaren skal skissere aktuelle forskingsinteresser i søknaden.

 


Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129)    (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129?q=opprykk)

Formell utdanning og kompetanse:

  • Norsk doktorgrad i historie eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjend som likeverdig med norsk doktorgrad eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapleg arbeid av samme omfang og kvalitet (§ 1-4 (1))
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
  • God skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk og på engelsk

Ved rangering av kompetente søkjarar blir det lagt vekt på formell kompetanse, dokumentert forskings- og formidlingsinnsats og undervisningserfaring innan relevante fagområde.

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som initiativ, kommunikasjon, omstillingsevne og samarbeid. Vi ønskjer også tilsette som kan bidra med engasjement i det offentlege ordskiftet.


Utdanningsfagleg kompetanse:
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.
For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL (https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/kriterier-for-utdanningsfaglig-basiskompetanse-ved-ansettelse-og-opprykk-i-forsteam-2020.pdf) .


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskaplege arbeid (inntil 5 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med  kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL (https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/kriterier-for-utdanningsfaglig-basiskompetanse-ved-ansettelse-og-opprykk-i-forsteam-2020.pdf) .

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 


Vi tilbyr:

Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling

Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje. 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.


Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar, Roger Hestholm, telefon +47 57 67 62 68

2) Professor, Oddmund Løkensgard Hoel, telefon +47 57 67 62 72


Samspel, bærekraft og nyskaping 

Samspel, bærekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no/)

Video: https://youtu.be/z-Py_In-Eyg (https://youtu.be/z-Py_In-Eyg)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for Økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studier og Institutt for samfunnsvitskap. Totalt er det ca. 120 faglege tilsette ved fakultetet og vel 2000 studentar fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Fakultetet har i dag ni bachelorprogram og fire masterprogram. Fakultetet  er vertsfakultetet for doktorgradsprogrammet RESINNREG i samarbeid med Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og Fakultet for helse- og sosialvitskap. Fakultetet har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelege universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN).

Sektor
Offentlig
Sted
Campus Sogndal, 6856 Sogndal
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor,
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
969 følger dette firmaet

Campus Sogndal, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 209231664
Sist endret 25. feb. 2021 18:14

Rapporter annonse