Utløpt

Spanande stilling i nytt berekraftsenter

Arbeidsgiver
Tingvoll Økopark Eiendom AS
Stillingstittel
Fagkoordinator
Frist
22.03.2021
Ansettelsesform
Fast

Som fagkoordinator i det nyoppretta Berekraftsenteret for arealforvalting og naturmangfald, vil du stå i sentrum for å få til samarbeid mellom forsking, forvalting og næring, for ei berekraftig framtid. Du vil i samarbeid med det tilknytte fagmiljøet utvikle gode formidlingsopplegg som kan skape entusiasme og handling for dei gode løysingane.


Du vil ha mykje å seie for utviklinga av senteret, både i etableringa og administrasjonen av denne nye, kunnskapsbaserte møteplassen. Du vil samarbeide tett med forskings- og fagmiljøa i NORSØK, NIBIO, Miljøfaglig utredning og Tingvoll Økopark i utviklinga og gjennomføringa av formidlingsaktivitetar, kunnskapsdeling og kursverksemd for ulike målgrupper. 


Berekraftsenteret skal:  

·        Drive opplæring og støtte til kommunar, fylkeskommune og næringsliv innan berekraftig natur- og ressursforvalting.  

·        Løfte berekraftarbeidet til eit nytt nivå ved å skape ein kunnskapsfokusert møteplass for forsking, naturforvalting og næring. 

·        Sørge for samarbeid og utveksling med nasjonale nettverk. 

 

Du har desse kvalifikasjonane:

·        Høgare naturfagleg eller samfunnsfagleg utdanning 

·        Formidlingskompetanse og gode pedagogiske evner 

·        Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig 

·        Det er ein fordel med kunnskap om offentleg forvalting 


Vi tilbyd:

·        Samarbeid med eit sterkt fagmiljø 

·        Deltaking i forskings- og utviklingsprosjekt 

·        Godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer  

·        Kort avstand til storslåtte naturområde

·        Lønn etter avtale


Du vil vere tilsett i Tingvoll Økopark som ligg på området til Tingvoll gard. Det unike fagmiljøet her er bygt opp over meir enn over tretti år, og er i dag leiande i forskinga på naturforvalting med fokusområda økologisk landbruk, fornybar energi, dyrevelferd og berekraftig utvikling.  


Tingvoll ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal, ein region i spanande utvikling og med fokus på kompetansearbeidsplassar. Staden Tingvoll har ei lang historie: Her finst det spor å oppdage heilt frå steinalderen, Tingvoll kyrkje vart bygt i høgmiddelalderen, og "tingvollen" frå vikingtida låg kan henda rett ved der vi har arbeidsstaden vår i dag. I dagens Tingvoll finn du nisjebutikkar, kafétilbod, hotell, barnehage og skular heilt opp til vidaregåande, og det er eit aktivt lokalmiljø med eit breitt mangfald av tilbod og aktivitetar.


Vi kan hjelpe med å finne bustad.

Om arbeidsgiveren

Tingvoll Økopark er eit nasjonalt kunnskaps- og opplevingssenter med brei appell og formidling om berekraftig utvikling. Visjonen er "frå undring til begeistring". Tanken er at begeistring set spor, noko som igjen påverkar kva val vi tar.
Eigarane av Tingvoll Økopark er Møre og Romsdal fylke, NORSØK og Tingvoll kommune. Økoparken har møtelokale, kafé og kan tilby engasjerande formidling av livet i jorda i den gamle Storlåven på Tingvoll gard. Økoparken eig Sol- og bioenergisenteret på Tingvoll gard og disponerer store uteområde som er eigna til praktisk demonstrasjon og undervising i fagfelta. Eit nytt berekraftsenter for arealforvalting og naturmangfald er under etablering i Tingvoll Økopark.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Gunnars veg 6, 6630 Tingvoll
Bransje
Event og arrangementer,
Forskning, utdanning og vitenskap,
Miljøtjenester
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Ingeniør / Geomatikk,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger

Nøkkelord

Bærekraft, arealforvaltning, naturmangfold, kommunal planlegging, samfunnsutvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Solemdal
Stillingstittel
styreleiar
Mobil
97 03 66 18
Kontaktperson
Unn Catodotter Fyllingsnes
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
97 97 12 11
Følg firma
9 følger dette firmaet

Gunnars veg 6, 6630 Tingvoll

Annonseinformasjon

FINN-kode 209091347
Sist endret 7. apr. 2021 14:56

Rapporter annonse