Utløpt

HMS-rådgivar

Arbeidsgiver
Kystverket
Stillingstittel
HMS-rådgivar
Frist
11.03.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kystverket

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremjar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsle, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Frå 01.01.2021 er Kystverket funksjonsorganisert med fire ulike verksemdsområder, der eit av desse er transport, hamn og farlei. Ei av avdelingane i transport, hamn og farlei er avdelinga for reiarlag, fyr og sjømerking, og vi søker no etter HMS-rågivar i avdelinga sin stab. I avdelinga arbeider det om lag 240 personar der rundt 180 av desse er i operativ teneste. HMS-rådgivaren vil mellom anna få ansvar for rådgiving og bistand i HMS-spørsmål til leiarar, verneteneste og andre tilsette. Vidare inneber stillinga arbeid med IK/HMS-prosedyrar, analyse- og rapportarbeid, interne revisjonar, støtte i SJA/risikoanalyser m.v. Du vil være eit viktig kontaktpunkt for dei operativt tilsette ved utføring av arbeid, handtering av kjemikaliar, behandling av avvik og oppfølging av rutinar knytta til HMS og kvalitet.

Stillinga rapporterer til avdelingsleiar.

Ein del reiseverksemd må påreknast.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, organisere og koordinere HMS-arbeidet i avdelinga, og då med spesiell fokus på dei operative
  • Gi råd, opplæring og vidareutvikle interne rutinar for HMS 
  • Gjennomføre internkontrollar på fartøy og vedlikehaldslag
  • Noko reising i stillinga må påreknast, ut til fartøy/arbeidslag samt møter og samlingar
  • Andre oppgåver kan bli lagt til 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet er ønskeleg, fortrinnsvis med fagleg spesialisering innan HMS 
  • Erfaring med HMS-arbeid, primært frå (maritim) industri/produksjon
  • God kjennskap til relevante standardar og regelverk (som til dømes ISO 45001) fortrinnsvis innan maritim industri/sjøfart  
  • Erfaring med bruk av HMS-system, stoffkartotek og liknande er ein fordel 
  • Forståing av HMS-arbeid i operativ drift og erfaring med internkontrollar er ønskeleg 
  • Erfaring med utvikling og bruk av kvalitetssystem er positivt
  • Særs gode skriftlege og munnlege norskferdigheiter
  • Gode brukerferdigheiter i IKT-baserte verktøy (som Office-pakken) er nødvendig

Personlege eigenskapar

  • Framtidsretta, engasjert og påliteleg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig og initiativrik med fagleg integritet 
  • Strukturert, ryddig, resultat- og kvalitetsorientert

Vi tilbyr

  • Fast stilling som rådgivar (1434)/seniorrådgivar (1364), løn frå ltr 60 (kr 532 300) til ltr 70 (kr 640 200)  
  • Utfordrande og interessante oppgåver i ein nasjonal samferdselsetat
  • Gode velferdsordningar, med ferieheimsordning på nokre av fyra til Kystverket
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse som også inneheld yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og bankordning til eigen bolig. Det vert trekt 2 % av bruttolønn til innbetaling til SPK, resten av premien blir dekt av arbeidsgivar
  • Eit triveleg kollegialt fellesskap i moderne lokale

 

Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke stillinga.

Arbeidsstad er for tida Ålesund. 

Om arbeidsgiveren

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.


 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Sorenskriver Bulls gate 3, 6002 Ålesund

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trond Røren
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
95 19 89 66
Følg firma
1186 følger dette firmaet

Sorenskriver Bulls gate 3, 6002 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 209073713
Sist endret 24. feb. 2021 10:34

Rapporter annonse