Utløpt

Sommarjobb på Sessvollmoen

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Sommarjobb på Sessvollmoen
Frist
17.03.2021
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Forsvarsbygg
Forsvarsbygg eigedomsforvalting region Viken treng sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til drift og vedlikehald som plenklipp, rydding og anna førefallande arbeid på Sessvollmoen i skuleferien frå 22.06.-21.08.2020.

Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe. 

Les meir om Forsvarsbygg og søk stillinga på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Grøntarbeid og nokre mindre driftsoppgåver
  • Førefallande oppgåver utandørs

Kvalifikasjonar

  • Må vere fylt 16 år
  • Det er ein fordel om du har erfaring frå bruk av maskinar/landbruksreiskap
  • Personar som går yrkesfag oppfordrast til å søke
  • Førarkort vil vere ein fordel

Personlege eigenskapar

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Vi tilbyr

  • Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), frå kr.241 280 - 320 400 i brutto årleg lønn i følge Statleg lønsregulativ

Om arbeidsgiveren

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi kan for eksempel legge til rette med tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sessvollmoen, 2058 Sessvollmoen
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester

Nøkkelord

sommerjobb,, drift

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Morten Corneliussen
Stillingstittel
Arenaleiar Sessvollmoen
Telefon
48 05 64 55
Følg firma
3059 følger dette firmaet

Sessvollmoen, 2058 Sessvollmoen

Annonseinformasjon

FINN-kode 209064101
Sist endret 24. feb. 2021 08:37

Rapporter annonse