Utløpt

Konsulent i FRAM

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Fylkeskommune
Stillingstittel
Konsulent
Frist
09.03.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vi søker etter

ein strukturert konsulent som har eit godt blikk for detaljar.

Ved kollektivavdelinga FRAM er det ledig ei fast stilling som konsulent. Stillinga er ein stabsfunksjon i driftsseksjonen i Kollektivavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune og rapporterer til seksjonsleiar. Vi søker etter ein person med gode samarbeidsevner og god arbeidskapasitet, som skal vere med å legge til rette for arbeidet med å forme samferdselstilbodet i Møre og Romsdal


Du får jobbe med

  • Leiarstøtte for seksjonsleiar
  • Koordinering av administrativt arbeid i driftsseksjonen
  • Ansvarleg for dokumenthandtering/arkivering
  • Diverse saksbehandling
  • Utarbeiding av saksframlegg for politisk behandling
  • Annet administrativt, organisere møter/samlingar både internt og eksternt
  • Noko reiseaktivitet må påreknast


Vi søker deg som har

  • Relevant utdanning, eksempelvis innan administrative eller økonomiske fag. Lang erfaring med relevant arbeidsområde kan kompensere for formell utdanning.
  • Relevant erfaring frå arbeidsoppgåvene som høyrer til seksjonen vil bli vektlagt
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og med god gjennomføringsevne

Det blir elles vektlagt at søkaren:

  • Har gode samarbeidsevner og er løysingsorientert
  • Har stor arbeidskapasitet og er engasjert
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for 21 fylkesvegferjesamband og 5 hurtigbåtsamband, og det blir

produsert om lag 18,4 millionar rutekilometer med buss kvart år. Møre og Romsdal fylkeskommune er med på det grøne skiftet i transportsektoren og har starta på elektrifisering av buss- og ferjetilbodet. Vi er av dei største ferjefylka i landet, og vi ønskjer å vere eit føregangsfylke innanfor maritim sektor. Kollektivavdelinga består av to seksjonar som arbeidar med kollektivtrafikken i fylket - driftsseksjonen og marknadsseksjonen.

Om seksjonen:

Seksjonen består av tre team; maritimt, kollektiv og forvaltning, og har ansvaret for dagleg oppfølging av eksisterande kontraktar på kollektivområdet, det vil si kontraktsoppfølging av buss, båt og ferje samt ruteplanlegging og optimalisering av ruter. Utforming av nye kontraktar og innkjøp av desse er organisert som prosjekt.

Porteføljen består av:

- 8 busskontraktar

- 6 ferjekontraktar

- 1 hurtigbåtkontrakt i tillegg til ei hurtigbåtkontrakt i samarbeid med AtB (Kystekspressen)

Seksjonen har ansvar for skoleskyss, drosjeløyver og tilrettelagt transport.

Kontorstad for stillinga er i Molde

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Offentlig administrasjon,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Konsulent,
Kontor og administrasjon,
Saksbehandler

Nøkkelord

konsulent, kollektiv, samferdsel, administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jesper Wiig
Stillingstittel
Seksjonsleder
Telefon
71 28 02 87
Mobil
97 58 65 33
Kontaktperson
Stig Helle-Tautra
Stillingstittel
Avdelingssjef FRAM
Mobil
93 40 46 26
Følg firma
311 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 208893671
Sist endret 5. apr. 2021 16:00

Rapporter annonse