Utløpt

Teamkoordinator - FRAM

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Fylkeskommune
Stillingstittel
Teamkoordinator
Frist
09.03.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Kollektivavdelinga FRAM søker Teamkoordinator


Vi søker etter

ein fagleg sterk og samarbeidsorientert person til stillinga som teamkoordinator for forvaltning.

Ved kollektivavdelinga FRAM er det ledig ei fast stilling som teamkoordinator for forvaltning. Stillinga er ein fagleg og koordinerande ressurs i forvaltningsteamet i driftsseksjonen i Kollektivavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune og rapporterer til seksjonsleiar. Vi søker etter ein fagleg sterk person med gode samarbeidsevner og stor arbeidskapasitet, som skal vere ein ressurs i det regelstyrte arbeidet i kollektivavdelinga i Møre og Romsdal.


Du får jobbe med

  • Fagleg ansvarleg for forvaltningsarbeidet ved seksjonen
  • På vegne av seksjonsleiar koordinere arbeidet i forvaltningsteamet
  • Saksbehandling skoleskyss
  • Følge opp IKT-verktøy slik som skoleskyssportalen
  • Utarbeiding av saksframlegg for politisk behandling
  • Anna forvaltningsarbeid ved seksjonen kan bli lagt til stillinga
  • Noko reiseaktivitet må påreknast


Vi søker deg som har

  • Relevant høgare utdanning, eksempelvis innan juridiske eller administrative fag. Lang erfaring frå relevant arbeidsområde kan kompensere for formell utdanning
  • Relevant erfaring frå arbeidsoppgåvene som høyrer til seksjonen vil bli vektlagt
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og med god gjennomføringsevne

Det blir elles vektlagt at søkaren:

  • Er initiativrik og løysingsorientert
  • Har stor arbeidskapasitet og er engasjert
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for 21 fylkesvegferjesamband og 5 hurtigbåtsamband, og det blir produsert om lag 18,4 millionar rutekilometer med buss kvart år. Møre og Romsdal fylkeskommune er med på det grøne skiftet i transportsektoren og har starta på elektrifisering av buss- og ferjetilbodet. Kollektivavdelinga består av to seksjonar som arbeidar med kollektivtrafikken i fylket - driftsseksjonen og marknadsseksjonen.

Om seksjonen:

Seksjonen består av tre team; maritimt, kollektiv og forvaltning, og har ansvaret for dagleg oppfølging av eksisterande kontraktar på kollektivområdet, det vil si kontraktsoppfølging av buss, båt og ferje samt ruteplanlegging og optimalisering av ruter. Utforming av nye kontraktar og innkjøp av desse er organisert som prosjekt.

Seksjonen sitt ansvar innanfor saksbehandling og organisering av skoleskyss, tildeling av drosjeløyver og forvaltning av TT-ordninga i fylket er lagt til forvaltningsteamet.

Stillinga vil ha kontorstad i Molde

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Bransje
Juridiske tjenester,
Offentlig administrasjon,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Koordinering,
Saksbehandler

Nøkkelord

samferdsel, administrasjon, forvaltningsarbeid, juss

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stig Helle-Tautra
Stillingstittel
Avdelingssjef FRAM
Telefon
71 28 02 53
Mobil
93 40 46 26
Kontaktperson
Jesper Wiig
Stillingstittel
Seksjonsleder
Telefon
71 28 02 87
Mobil
97 58 65 33
Følg firma
310 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 208889889
Sist endret 5. apr. 2021 15:44

Rapporter annonse