Utløpt

Sommarjobb/ekstrapersonell, Ørland

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Sommarjobb på Ørland
Frist
17.03.2021
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg eigedomsforvalting region midt søker etter 4 sommarvikarar/ekstrapersonell som skal sørge for at vedlikehald utomhus blir tatt hand om på Ørland. 
Vi har behov for 2 stk frå og med medio april, og 2 stk frå medio mai. Det vil vere behov fram til medio august, med moglegheit for forlenging.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på vår karriereside: www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil vere relatert til utomhusdrift og kan for eksempel vere grasklipping, kratt- og skogrydding, planting og stelling av bed og parkanlegg.
  • Noko vedlikehaldsarbeid i bygg kan vere aktuelt, då primært malearbeid.

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter deg som trivast ute og som jobbar sjølvstendig og effektivt
  • Du må vere fylt 18 år og ha førarkort kl B
  • Må kunne tryggingsklarerast
  • Ønskeleg med maskinførarbevis og/eller erfaring frå vedlikehald utomhus

Personlege eigenskapar

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Vi tilbyr

  • Lønn som hjelpearbeidar (kode 1115), kr. 320 400 i brutto årleg lønn (ltr.24) i følge Statleg lønnsregulativ

Om arbeidsgiveren

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi kan for eksempel legge til rette med tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Ørland, 7130 Brekstad
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester

Nøkkelord

sommerjobb,, drift

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Aage Tanem
Stillingstittel
Arenaleiar Ørland
Telefon
92 81 02 00
Følg firma
3064 følger dette firmaet

Ørland, 7130 Brekstad

Annonseinformasjon

FINN-kode 208870789
Sist endret 22. feb. 2021 11:47

Rapporter annonse