Utløpt

Vil du vere med på å realisera ambisiøse mål innan klima og miljø?

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
Klima- og miljørådgjevar
Frist
08.03.2021
Ansettelsesform
Engasjement

Me skal bli verdas beste herad, og ser etter deg som vil vere med på å realisera ambisiøse mål innan klima og miljø. 

Me søkjer etter ein engasjert medarbeidar med kompetanse innan klima og miljø som kan bidra til at me tenkjer "klima i alt me gjer". Du må vera fleksibel og kunna sjonglera mange ballar i lufta. Oppgåvene vil vera alt frå overordna og strategiske, til detaljerte og snevre. Du skal likevel sikra at me gjer dei rette tiltaka i kommunen, og må jobba saman med andre aktørar for at me som samfunn når måla.

Om arbeidsstaden

Avdelinga styring og analyse ligg i rådmannen sin stab. Avdelinga har mellom anna ansvar for oppgåver innan plan, klima og miljøvern, samfunnstryggleik, strategi, innkjøp, økonomi og styring og skal bidra til ei overordna samfunns- og tenesteutvikling. I avdelinga er det 10 tilsette, og me har ledig eit 100% engasjement som klima- og miljørådgjevar. Engasjementet går over eitt år, men med moglegheit for fast tilsetjing.

Arbeidsoppgåver

- Koordinera og planlegga arbeidet med klima og miljø i kommunen

- Oppfølging av vedtekne klima- og miljøtiltak, inkludert prosjektleiing for delprosjekt

- Utarbeida klimabudsjett og klimarekneskap

- Søkja om og rapportera på bruk av klimamidlar

- Bidra i kommunalt planarbeid

- Bidra til at kommunen når berekraftsmåla

- Samarbeida med eksterne aktørar

- Utarbeida og vidareutvikla rutinar innan fagområda

- Rådgjeving og opplæring til dei ulike einingane i kommunen

- Skriva uttalar og høyringssvar

- Det kan også vera aktuelt med andre arbeidsoppgåver innan naturforvaltning

Du må pårekna oppgåver som ikkje er lista opp her.

Me søkjer

- Høgare utdanning som er relevant for stillinga

- Relevant arbeidserfaring kan erstatta kravet til høgare utdanning

- Det er ynskjeleg med kompetanse innan klimaarbeid i offentleg sektor

- Gode kommunikasjonsevner i norsk, skriftleg og munnleg

- Gode samarbeidsevner og evne til å jobba tverrfagleg

- Evne til å jobbe detaljert, men samstundes ha oversikt og tenkje langsiktig og strategisk

Me tilbyr

Ein trygg og god arbeidsstad med spennande oppgåver og eit godt fleirfagleg og sosialt miljø

Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell

Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår

Høve til å påverka eigen arbeidskvardag

Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Løn etter kommunalt avtaleverk

Om arbeidsgiveren

Voss - bygd for sterke opplevingar
Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har
mykje meir å by på!
Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda
vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit
knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.
Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er
administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell,
påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går
me sjølvsagt for gull.

Sektor
Offentlig
Sted
5700 Voss
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Miljøtjenester,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Prosjektledelse,
Rådgivning

Nøkkelord

klima, miljø

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Myklebust
Stillingstittel
Stabsjef Strategi og styring
Mobil
979 97 155
Kontaktperson
Ingvild Engen Bogetved
Stillingstittel
Avdelingsleiar Styring og analyse
Mobil
976 73 617
Følg firma
76 følger dette firmaet

5700 Voss

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 208365535
Sist endret 31. mar. 2021 16:32

Rapporter annonse