
Førsteamanuensis grøn samfunnsutvikling
Høgskulen for grøn utvikling (HGUt)
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Ny utlysing: Vil du vera med og skapa den grøne framtida?
Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) er ein liten organisasjon som er bygd på den gode bygdetradisjonen med mangesysleri. Den som blir tilsett, vil såleis få ansvar for mange ulike arbeidsoppgåver. Å kunna (og lika å) arbeida sjølvstendig er ein føresetnad for å arbeida hos oss. Kvar faglege tilsett har elles ansvar for å skapa nye inntektsgjevande prosjekt, og det vil over tid bli forventa at ein er meir eller mindre økonomisk sjølvgåande.
Tematisk skal høgskulen vera leiande på nyskapande lokalsamfunnsutvikling i tett samspel med dei skapande kreftene i naturen. Regenerativ utvikling er nærings- og samfunnsutvikling innanfor dei rammer naturen set. Det vil bli lagt AVGJERANDE vekt på at den som blir tilsett deler vårt regenerative verdigrunnlag og brenn for ei naturnær framtid.
Med andre ord; me leitar nok meir etter "den engasjerte intelektuelle" enn etter den som primert jagar formelle titlar og/eller karriereutvikling. I utgangspunktet søkjer me ein førsteamanuensis, men for særleg interessante kandidatar kan me vurdera anna tilsetjing.
Her er døme på arbeidsoppgåver:
· Fagansvar for eitt eller fleire av kursa våre + undervisning i andre kurs
· Kontakt med og oppfølging av studentar (rettleiing)
· Deltaking i eksisterande forskingsprosjekt
· Generering av nye forskingsprosjekt
· Formidlingsverksemd
Den som blir tilsett kan eigentleg bu kor som helst i landet. HGUt praktiserer i all hovudsak heimekontor, men høgskulen har og kontor disponibelt på campus på Bryne. Undervisning er samlingsbasert og føregår frå campus og direkte online. Den tilsette må vera førebudd på å vera til stades på Bryne under samlingane (i snitt tre dagar i slengen ein eller to gongar i månaden) dersom studentar skulle ønskja dette.
Søknadsfrist er "snarast". Det betyr at annonsen er open til den rette er på plass.
Tilsetjing frå 01.09.24 eller etter avtale. Me er fleksible for å få på plass den rette kandidaten.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) tilbyr bachelorgrad i nyskaping og regenerativ utvikling, samt ei rekke enkeltkurs der fokus er grøn nyskaping tufta på natur- og/eller kulturressursar. Høgskulen har også ei omfattande satsing på forsking- og oppdragsverksemd innanfor same temafelt.
- Sektor: Privat
- Sted: Arne Garborgsveg 22, 4340 Bryne
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor, Kun hjemmekontor
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Professor/Førsteamanuensis, Samfunnsviter
Nøkkelord
forskning, utdanning, førsteamanuensis, samfunnsvitenskap, grøn utvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 208362935
- Sist endret