Utløpt

Sommarjobb for IT-studentar

Arbeidsgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Stillingstittel
Konsulent
Frist
01.03.2021
Ansettelsesform
Sommer/Sesong
Bli kjent med Digitaliseringsdirektoratet
Er du IT-student og vil ha ein spennande sommarjobb i Digitaliseringsdirektoratet?

Om DigdirCamp 2021

Kvart år inviterer vi IT-studentar til å vere med på DigdirCamp i Leikanger i Sogn. Vi gir sommarjobb til inntil åtte studentar, frå midten av juni til midten av august. På DigdirCamp får du bruke kunnskapen og ferdigheitene dine til å jobbe med konkrete ikt-oppgåver ved sida av erfarne utviklarar i våre fagmiljø.

Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi har eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale felleskomponentar og funksjonar, som mellom anna ID-porten og MinID, og koordinering og utvikling av interne og eksterne IT-system i dei andre fagavdelingane i direktoratet. Døme er nettside som Digdir.no. Direktoratet er også tilsyn for universell utforming av ikt.

Vi har ledig sommarjobb for inntil åtte IT-studentar frå midten av juni til midten av august 2021.


Aktuelle arbeidsoppgåver

Du får høve til å arbeide tett saman med utviklingsmiljøet i  Digitaliseringsdirektoratet. Oppgåvene vil vere å utvikle og tilpasse digitale tenester for offentleg sektor.

De jobbar gjerne i to grupper for å løyse konkrete oppgåver. Gjennom sommaren presenterer studentane korleis dei jobbar med oppgåvene og kva for løysingar dei foreslår.

Video: https://youtu.be/2YiVLT1xF6Q (https://youtu.be/2YiVLT1xF6Q)


Kvalifikasjonar

Vi søkjer primært etter studentar innan informatikk/systemutvikling. Pass på at du i søknaden skriv kva utdanning du tek og kor langt du er komen i utdanninga. Arbeidsspråket er norsk.


Hos oss får du
  • løn i lønstrinn 40 som svarer til ei årsløn på kr 387 900
  • eit spennande arbeidsfellesskap saman med våre erfarne medarbeidarar og med andre IT-studentar
  • gode muligheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø

Vi treng også informasjon om du treng hybel, og om du kan følge oppsett arbeidsperiode hos oss. Legg ved karakterutskrift som dokumentasjon av utdanning, karakterutskrift kan lastast ned frå Vitnemålsportalen.


Vil du vite meir?

Synes du dette er interessant og ønsker meir informasjon, kontakt gjerne

Systemutviklar Hallvard Bjørdalsbakke
E-post: hallvard.bjordalsbakke@digdir.no
Telefon: 417 49 924

Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no
Telfon: 911 46 279


Om arbeidsgiveren

Digitaliseringsdirektoratet er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Direktoratet har om lag 330 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd, og vår visjon er saman for ein enklere digital kvardag.

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
8
Sted
Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
IT utvikling,
IT utvikling / Utvikler (generell),
IT utvikling / QA/Testing
Følg firma
1191 følger dette firmaet

Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 206970174
Sist endret 4. feb. 2021 12:56

Rapporter annonse