Tekstilhandverkar 100%

Arbeidsgiver
Valdresmusea AS
Stillingstittel
Tekstilhandverkar
Frist
15.04.2021
Ansettelsesform
Fast

Tekstilhandverkar

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har ledig stilling som tekstilhandverkar i 100 %.


Arbeidsområde

Stillinga har som oppgåve å være rådgjevar for bunadtilverkarar, studentar og andre i drakthistoriske emne, rekonstruksjon og praktisk bunadtilverking. Arbeidet omfattar praktisk rettleiing og undervisning. I tillegg skal vedkommande ha oppsyn med mønsterarkiv og stoffprøvearkiv, og forvalte tilveksten til desse.

NBF sitt arkiv består mellom anna av 82 000 registreringar av plagg frå alle delar av landet. Desse blir i dag forvalta i Primus, som er musea sitt digitale verktøy for samlingsforvaltning. For å kunne utøve stillinga er det avgjerande å kunne arbeide i Primus, Asta og andre digitale databasar. Det er venta at vedkommande kan arbeide med analyse, registrering og måltaking av plagg, både på feltarbeid og på instituttet.

I tillegg til desse oppgåvene, er det forventa at vedkommande deltek i eksterne samarbeid og ulike formidlingsopplegg.


Kvalifikasjonar

  • Stillinga krevjar relevant yrkesfagleg utdanning innan bunadtilverkarfaget, kjole- og draktsyarfaget eller skreddarfaget. Kunnskap om og erfaring med tradisjonelle handverksteknikkar er avgjerande.
  • Høgare utdanning innan kulturhistorie, drakthistorie eller tekstile handverksfag er eit ekstra pluss.
  • Erfaring med bruk av data og digital fotobehandling er ynskjeleg, og gjerne kjennskap til registreringsverktøyet Primus.

Eigenskapar

  • Gode evner til praktisk undervisning og rettleiing.
  • Evne til presentasjon og formidling i forsamlingar, møte og konferansar, i Noreg og i utlandet.
  • Må kunne delta på 3—6 veker med feltarbeid kvart år, ofte med lange arbeidsdagar.
  • Må vise interesse for faget og evne til å utvikle seg i arbeidet, samt tileigne seg ny kunnskap på feltet.
  • Gode samarbeidsevner og gjennomføringskraft.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Vi tilbyr

  • Anledning til fagleg og personleg utvikling
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Deltaking i eit unikt fagmiljø på nasjonalt nivå
  • Medlemskap i pensjonsordningane i KLP
  • Lønnes som førstekonsulent, stillingskode 1408, etter "Landsoverenskomsten for museer og andre kulturinstitusjoner" i lønnstrinn 45-52 etter kvalifikasjoner og erfaring. 

Om arbeidsgiveren

Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling av den norske bunad- og folkedrakttradisjonen. NBF er organisert ved Valdresmusea og ligg på Fagernes i Valdres. NBF har eit fagråd, Bunad- og folkedraktrådet, som er utpeikt av Kulturdepartementet.

Sektor
Offentlig
Sted
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Håndverkstjenester,
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Håndverker

Nøkkelord

Bunad, Folkedrakt, Tekstil, Museum, Undervisning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Camilla Rossing
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
920 23 916
Kontaktperson
Ole Aastad Bråten
Stillingstittel
Direktør
Mobil
907 63 635
Følg firma
1 følger dette firmaet

Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 206298670
Sist endret 18. feb. 2021 13:38

Rapporter annonse