Utløpt

Maskinoperatør / produksjonsmedarbeidar

Arbeidsgiver
Knudsen Dørfabrikk AS
Stillingstittel
Produksjonsmedarbeidar / maskinoperatør
Frist
30.10.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med KNUDSEN DØRFABRIKK AS

Ein av våre flinke tilsette skal snart trappa ned, og deretter bli pensjonist. Me søkjer difor etter ein ny medarbeidar Stillinga inngår i vårt team med kompetente og erfarne maskinarbeidarar, som produserer dører og karmar. Maskinteamet har ansvar for produkta frå råvarelageret, og fram til overflatebehandling.

Du skal inngå i eit team, der operatørane roterer mellom ulike stasjonar/maskinar/produksjonslinjer. Det betyr stor variasjon i kvardagen.

Me ser etter deg som er "teknisk anlagt," og som likar ein variert kvardag.

Me har i dag to CNC-styrte maskiner, fleire produksjonslinjer, og ein del enkeltståande maskiner. Me praktiserer grundig operatørvedlikehald på alle maskinar.

Kjekt om du er CNC-operatør, men dette er ikkje eit krav. Erfaring som maskinoperatør er også relevant, men ikkje eit krav. Kanskje du er mekanikar, elektrikar, automatikar, eller har annan teknisk utdanning og/eller erfaring.


Hjå oss har alle tilsette to jobbar:

1) Gjera jobben sin

2) Forbetra jobben sin


Me ser fram til å høyra frå deg!

 

Arbeidsoppgåver

  • Styra maskinar og produksjonslinjer.
  • Utføra kvalitetskontroll før produktet går vidare til neste stasjon
  • Delta i vårt utviklingsarbeid
  • Andre oppgåver i produksjonen

 

Ønska kvalifikasjonar

  • Kvalitetsbevisst!
  • Relevant fagbrev og/eller erfaring. Fleire aktuelle fagbrev; CNC-operatør, automatikar, elektrikar, mekanikar, snekker, produksjonsteknikk osv. 
  • Initiativrik, og opptatt av framdrift og god flyt
  • Godt humør, og god ordenssans
  • Beherska norsk
  • CAD/CAM-erfaring er berre ein fordel

 

Me tilbyr

  • Eit ungt arbeidsmiljø
  • Gode kollegaer i ulik alder, med ulik erfaring og ulik bakgrunn.
  • Innandørs arbeid i temperert klima. Hjå oss er det aldri vind, regn, sludd, snø, søle, eller mørke.
  • Offensive tankar om framtida. Vårt mål er at me heile tida skal gjera endringar og investeringar som gjer oss meir konkurransedyktige, og som gjev ein meir spanande arbeidskvardag for dei tilsette.
  • Ein trygg og stabil arbeidsplass med moglegheiter for utvikling. (Ingen permitterte sidan 1946)
  • Velferdsklubb, der alle tilsette er med
  • Forsikringsordningar og timebank
  • AFP
  • God opplæring, slik at du kjenner at du meistrar arbeidet.
  • Løn iht. kvalifikasjonar

Om arbeidsgiveren

Produsent av innerdører, med 20 positive tilsette, og 76 års erfaring. Me produserer dører til bustad og ulike yrkesbygg i heile landet. Våre dyktige tilsette har mykje kompetanse og erfaring innan dørproduksjon, sal, teknisk, personal og mykje anna.

Me har hatt god vekst i fleire år, og har spenstige planar for framtida. Dette får me til ved å jobba med utvikling og forbetringar kvar einaste dag. Me brukar LEAN som arbeidsverktøy. Me jobbar kontinuerleg med produktutvikling, og me investerer i nytt produksjonsutstyr. Våre tilsette er vår viktigaste ressurs, og vår ambisjon er å alltid vera ein attraktiv arbeidsgjevar der alle kan utvikla seg, og trivast kvar dag.

Våre flinke tilsette har variert utdanning/fagbrev, og erfaring. Me set fagutdanning høgt, og er igang med "fagbrev på jobben" for 8 av våre tilsette.

Det er viktig at me skal ha det kjekt på jobben. Trivsel er viktig!

Me bygger no om våre kontor og fellesrom, og får heilt ny kantine og møterom.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Tjellevegen 35, 5593 Skånevik
Bransje
Industri og produksjon,
Trevareindustri,
Annet
Stillingsfunksjon
Håndverker,
Håndverker / Mekaniker,
Produksjon
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

maskinoperatør, datastyring, elektriker, mekaniker, cnc

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Roar Knudsen
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
97 78 98 34
Kontaktperson
Fredrik Wälsjö
Stillingstittel
Produksjonsleiar
Mobil
40 69 93 79
Følg firma
25 følger dette firmaet

Tjellevegen 35, 5593 Skånevik

Annonseinformasjon

FINN-kode 205671846
Sist endret 7. nov. 2022 16:44

Rapporter annonse