Utløpt

Rådgjevar/strategisk rådgjevar e-helse/IKT

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Rådgjevar/strategisk rådgjevar e-helse/IKT
Frist
07.02.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Har du erfaring som strategisk rådgjevar innan IKT eller som verksemdsarkitekt og ønskjer å bidra i utviklinga av ein av vestlandets største og mest komplekse verksemder? Vil du jobbe med utvikling og forbetring av sjukehuset med utgangspunkt i moglegheitene som ny teknologi gjer?

Haukeland universitetssjukehus nyttar IKT i mykje av si verksemd og vil i åra som kjem ta i bruk fleire nye løysingar og ny teknologi. Omfanget av teknologi spenner seg frå dei enklaste digitale løysingane til komplekse kliniske system, ERP-system, teknologi for smarte bygg, digital grunnmur, og bruk av stordata og kunstig intelligens i forsking og diagnostisering. Sjukehuset er ein kompleks organisasjon, og det er mange løysingar som skal takast i bruk i parallell. For at Haukeland universitetssjukehus skal bruke teknologi til å utvikle sjukehuset og spesialisthelsetenesta - til beste for pasientar og medarbeidarar - treng vi meir kapasitet til oppfølging av heilskapen og samanhengane på tvers av teknologiinitiativa sett opp mot strategien på sjukehuset, sjukehusets mange prosessar, tenester og IKT-landskap. I Helse Vest har vi stor grad av felles IKT-løysingar og infrastruktur på tvers av sjukehusa i regionen, der Helse Vest IKT har ansvar for drift, forvalting og felles infrastruktur. Arbeid med prosjekt og arkitektur skjer i fellesskap i regionen.

Seksjon for e-helse har ledig stilling som rådgjevar/strategisk rådgjevar e-helse/IKT

Seksjon for e-helse har mellom anna ansvar for innføring av nye løysingar i sjukehuset. Vår oppgåve er å leggje til rette for at klinikken kan realisere nytten av ny teknologi som blir tatt i bruk. Seksjonen er bindeledd mellom klinikkar i sjukehuset og IKT-personell som utarbeider IKT-løysingane. Våre medarbeidarar har fokus på kvalitetsforbetring, tryggleik og effektivitet gjennom digitalisering, og arbeider tett saman med leiinga og dei tilsette i sjukehuset.

Som spesialrådgjevar i Seksjon for e-helse får du ein unik moglegheit til å bidra i utviklinga av sjukehuset og jobbe tett med digitalisering av helsetenesta, og du vil bli del av teamet som har ansvar for den strategiske arbeidet med IKT-utviklinga i sjukehuset.       

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til vidareutvikling og forvaltning av vegkart for teknologi
  • Systematisering og strukturering av samanhengar mellom teknologiinitiativa
  • Saksbehandling og utgreiingsarbeid i avgjerdsprosessar
  • Delta i/rådgje ulike teknologiprosjekt 
  • Rådgje leiinga, prosjekt- og programleiarar og systemeigarar/systemansvarlege
  • Samarbeide tett med porteføljeansvarlege og systemansvarlege
  • Tett dialog med Helse Vest IKT og dei regionale arkitekturansvarlege

Kvalifikasjonar

  • Du har erfaring frå arbeid i grenseflata mellom prosess, teknologi og strategi
  • Du har erfaring frå større teknologiprosjekt og analysearbeid, og rådgjeving til toppleiinga i komplekse organisasjonar
  • Du er erfaren brukar av arkitekturverktøy og praktisk bruk av arkitekturmetodikk
  • Kunnskap om helsesektoren er ein fordel
  • Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter, skriftleg og munnleg
  • Høgare utdanning innan IKT, øk/adm, teknologi/informatikk, prosjektleiing
  • Sertifisering i TOGAF eller liknande er ein fordel 

Personlege eigenskapar

  • Du brenn for å finne løysing på komplekse problemstillingar både åleine og i samarbeid med andre
  • Du er god på å byggje relasjonar og evner å samarbeide og kommunisere godt
  • Du sett deg raskt inn i komplekse problemstillingar og løyser dei på ein gjennomtenkt og analytisk måte
  • Du er flink til å gjennomføre, kan planleggje godt og vere strukturert - òg når det er høgt tempo
  • Du trivst med å halde progresjon i arbeidet, men er tolmodig og uthaldande i kompliserte prosessar

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å bidra i utviklinga av Haukeland universitetssjukehus
  • Utfordrande oppgåver og fagleg utvikling
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Lønn etter avtale
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv (IA)-bedrift

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Møllendalsbakken 7, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Helsepersonell,
Rådgivning

Nøkkelord

Rådgjevar/strategisk, rådgjevar, e-helse/IKT

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hege Rob Moi
Stillingstittel
Seksjonsleiar e-helse
Telefon
47 65 69 25
Kontaktperson
Stig Atle Gjøen
Stillingstittel
Gruppeleiar
Telefon
90 04 89 47
Følg firma
2255 følger dette firmaet

Møllendalsbakken 7, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 205567778
Sist endret 8. feb. 2021 00:21

Rapporter annonse