Utløpt

Driftsteknikar og lærar

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Driftsteknikar og lærar
Frist
07.02.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Me søker ein kombinasjon av byggdriftar og lærar i 100 % fast stilling ved Vardheia ungdomsskule (omlag 50-50 fordeling). Vardheia ungdomsskule er ein heilt ny skule i Time kommune. Skulen er eit samarbeid mellom Klepp og Time og kjem til å ha elevar frå begge kommunane.

Vardheia ungdomsskule er bygd for å vera i tråd med samfunnsutviklinga og innhald i ny læreplan. Han skal stimulera til aktive og skapande elevar i eit flott inne- og utemiljø. Skulen er bygd for praktisk og skapande arbeid med kreative soner og  lokalitetar for ulike arbeidslivsfag, innan for eksempel metall/mekaniske fag, trefag og kokk/servitør med inspirasjon frå vidaregåande skule. Skulen har eige kreativt rom for spelbasert læring og ein læringslab der elevane kan samarbeida på tvers.

Skulane i Time er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Vardheia ungdomsskule vil vera i leiarnettverket med Varhaug ungdomsskule, Frøyland ungdomsskule, Bore ungdomsskule og Gjesdal ungdomsskule.

Skulen ligg sentralt på Bryne med gangavstand til offentleg transport.

Arbeidsoppgåver

Byggdriftar:

- drift og vedlikehald av kommunale bygg
- rapportering
- internkontroll

Lærar:

- undervisa innen fag der du er kvalifisert for, hovudsakleg arbeidslivsfag eller praktiske-estetiske fag

-  vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid som vert initiert av leiing og tilsette.

Kvalifikasjonar

- krav om utdanning/fagbrev innan tekniske fag

- krav om praktisk pedagogisk utdanning (PPU) eller annan godkjend, pedagogisk utdanning

- erfaring frå byggdrift/tekniske anlegg
- gode kunnskapar i bruk av dataverktøy-SD-anlegg, FDV-program, Excel og outlook 
- må ha førarkort kl B - ønskeleg med BE og C1 


Personlege eigenskapar

- gode evner til planlegging og oppnå resultat

- god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og er dyktige klasseleiarar.

- lika å vera i et eit hektisk miljø saman med ungdom

- kunna arbeida sjølvstendig

- må kunna beherska norsk skriftleg og munnleg
- løysingsorientert og serviceinnstilt
- eigna for stillinga


Me tilbyr

Moglegheit til å vera med å bygga opp ein heilt ny ungdomsskule, der kreative, praktiske, digitale og skapande arbeidsmetodar står i fokus. Vera driftsteknikar på ein heilt ny og moderne skule 

- godt arbeidsmiljø
- positive og flinke medarbeidarar
- trygg arbeidsplass
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- lønn etter gjeldande avtaleverk

Om arbeidsgiveren



"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Nordlysvegen 10, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Faglærer(IT, idrett, kunst)

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eirik Jåtten
Stillingstittel
Rektor
Telefon
47 30 97 95
Følg firma
605 følger dette firmaet

Nordlysvegen 10, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 205482752
Sist endret 22. jan. 2021 11:29

Rapporter annonse