Utløpt

Vil du vere med på å byggje eit kompetansefellesskap for digital læring i staten?

Arbeidsgiver
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)
Stillingstittel
Rådgjevar / Seniorrådgjevar
Frist
03.02.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)
Vi søkjer rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjon for leiing og kompetanseutvikling

DFØ skal vere ein pådrivar og sentral bidragsytar for å skape ein meir framtidsretta, effektiv, brukarorientert og samordna offentleg sektor. Gjennom ulike tiltak hjelper vi verksemder, leiarar og medarbeidarar i offentleg sektor i arbeidet med utvikling, endring og omstilling.

Vi treng å styrke laget vårt og ser etter deg som har erfaring frå digital læring og kompetanseutvikling, og som er engasjert i korleis vi kan bruke teknologi for å skape betre prosessar for dette.


Om stillinga

DFØ sitt digitale opplæringstilbod består av e-læringskurs og andre digitale kurs som ligg gratis tilgjengelig på dei to læringsplattformene våre. Læringsplattformen er open for alle. Her finst det i dag rundt 40 kurs som er retta mot leiarar og medarbeidarar i offentleg forvalting. Vi har også ei lukka læringsplattform med kompetansestyringsfunksjonalitet (Virksomhetsplattformen), som statlege verksemder kan bruke til å utvikle og dele tradisjonelle opplæringstiltak og jobbe meir strategisk med kompetanseutvikling. Det er i dag om lag 50 statlege verksemder som har tatt i bruk dette tilbodet, og i denne stillinga skal du bidra til at fleire i forvaltinga tar i bruk det digitale opplæringstilbudet vårt. Slik er du med på å gjere staten meir strategisk og effektiv i kompetansearbeidet!

Vi jobbar i hovudsak prosjektbasert, og tiltaka vi utviklar er innanfor fagområda leiing, styring og organisering. Stillinga er plassert i avdelinga for kompetansetenester, styring og leiing, seksjon for leiing og kompetanseutvikling, der det i dag er 12 fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar.


Arbeidsoppgåver
  • bidra i den daglege forvaltinga og vidareutviklinga av e-læringsporteføljen, Læringsplattformen og Virksomhetsplattformen
  • rettleiing og støtte til verksemder som vil ta i bruk digitale læringsressursar i kompetanseutviklingsarbeidet deira

Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • høgare relevant utdanning på bachelor- eller mastergradsnivå. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • erfaring frå digital læring og kompetanseutviklingsarbeid
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Du bør ha:

  • erfaring frå offentleg forvalting, gjerne frå HR
  • erfaring med digital læring og styring av kompetanse. Dersom du kjenner e-læringsstandarden Scorm og LMS-et Moodle er det ein fordel, men ikkje ein føresetnad
  • kompetanse på å drive læringsprosessar og formidlingsarbeid

Vi legg vekt på følgjande personlege eigenskapar:   
  • du er serviceorientert og har gode samarbeidsevner 
  • du likar å jobbe brukarorientert 
  • du tar initiativ og har god gjennomføringsevne
  • du jobbar systematisk og strukturert

Vi tilbyr
  • ein spennande jobb med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit godt fag- og utviklingsmiljø
  • faglege utfordringar og moglegheiten til å bidra i utviklinga av eit digital kompetansefellesskap i staten
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode arbeidstidsordningar med fleksitid og trening i arbeidstida

Stillinga er plassert som rådgjevar eller seniorrådgjevar med lønnsplassering mellom 535 200 og 643 000 kroner per år for rådgjevar og mellom 643 000 og 744 600 kroner per år som seniorrådgjevar, avhengig av utdanning og erfaring. Frå lønna trekk vi 2 % til Statens pensjonskasse. Det er 6 månaders prøvetid.

I oktober 2021 flyttar DFØ saman med Digitaliseringsdirektoratet inn i nye lokale i Økern Portal (https://okernportal.no/om-okern-portal/).

Les meir om godene i staten.  (http://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise/gode)


Mangfald i DFØ

I DFØ trur vi at mangfald gir oss fleire bein å stå på, breiare perspektiv og dermed evne til å handtere utfordringar på ein betre måte. Vi er sikre på at medarbeidarar med ulik livserfaring og ulike fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å løyse oppdraga våre på enda fleire gode måtar. Vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte, til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er velkommen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre er universelt utforma, og vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn kan du bli positivt særbehandla om du krysse av for det når du søkjer på denne stillinga.

Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse kategoriane til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).


Vil du vite meir/Spørsmål om stillinga?

Om du har spørsmål om stillinga, ta kontakt med Tone K. Kastnes (underdirektør), e-post: tone.kastnes@dfo.no, tlf: 924 54 410 eller Hanne Jacobsen (seniorrådgjevar), e-post: hanne.jacobsen@dfo.no, tlf: 930 38 855. 


Andre opplysningar

Alle som søkjer stillinga, må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift hentar du frå Vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Hugs at søknaden berre blir vurdert på grunnlag av informasjonen som ligg føre når søknadsfristen går ut. Det er viktig at du viser korleis kompetansen din oppfyller kriteria som er beskrivne i annonsen.

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er gått ut. Om du ber om å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du grunngi dette spesielt i søknaden. Du vil bli varsla om reservasjonen ikkje blir tatt til følge. 


Om arbeidsgiveren

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) er statens fagorgan for økonomistyring, gode grunnlag for avgjersler i for statlege tiltak, organisering og leiing i staten, samt for innkjøp i offentleg sektor. Vi leverer lønns- og rekneskapstenester til rundt 90 prosent av statsforvaltinga og har ansvaret for forvaltinga og drifta av statsrekneskapen og statens konsernkontoordning.

Vi skal bidra til effektiv ressursbruk i staten gjennom kompetansetiltak, rådgiving, fellestenester og utvikling av metodar og verktøy. Vi har om lag 680 tilsette fordelt på Oslo, Stavanger, Trondheim og Harstad. Les meir på dfo.no.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Karl Johans gate 37B, 0162 Oslo
Bransje
IT,
Offentlig administrasjon,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Kurs og opplæring,
Ledelse,
HR, personal og rekruttering
Følg firma
1226 følger dette firmaet

Karl Johans gate 37B, 0162 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 205256096
Sist endret 20. jan. 2021 09:18

Rapporter annonse