Utløpt

Spesialsjukepleiar/ Spesialvernepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/ Spesialvernepleiar vikariat
Frist
08.02.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Kronstad DPS har ansvar for bydelane Årstad, Bergenhus og Ytrebygda i Bergen kommune. Vi har ansvar for ca 90.000 menneske over 18 år.

Seksjon Psykose dagbehandling og gruppepoliklinikk har behandlingsansvar for personar mellom 18 og 30 år med psykose, samt gruppepoliklinisk behandling og dagbehandling for alle med psykose i vårt opptaksområde. Vår tilnærming er recoveryorientert, og behandlingtilbodet tar utgangspunkt i nyare evidensbaserte metodar. Seksjonen har eit tredelt tilbod; poliklinikk for unge med psykose, dagbehandling og gruppepoliklinikk.

Vikariatet er i dagbehandlingstilbodet, men vil også kunne ha arbeidsoppgåver i dei to andre tilboda. Psykose dagbehandling tilbyr eit tidsavgrensa og strukturert behandlingsprogram for pasienter tre dagar i uka, og er eit tilbod til pasienter som treng tettere oppfølging enn kva poliklinisk oppfølging kan gi og som eit alternativ til innlegging.

Les meir om oss her
 

Arbeidsoppgåver

  • Behandlaransvar og kartleggingsoppgåver
  • Delta i team om pasientsaker
  • Oppsøkjande verksemd
  • Gruppeaktivitet
  • Familiesamarbeid
  • Administrere depotinjeksjonar
  • Fleksibilitet med tanke på arbeidsoppgåver/drift i både dagbehandling, nysjukearbeid og gruppepoliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid/rus. Sjuke- eller vernepleiarar utan spesialutdanning men med erfaring innan rus/psykiatri, medisin- og psykologistudentar kan også søkje
  • Norsk autorisasjon 
  • Erfaring frå arbeid med målgruppa i spesialisthelsetenesta, både på sjukehus og DPS er ønskjeleg
  • Det er også ønskjeleg med kjennskap og erfaring frå kommunehelsetenesta og erfaring med behandlaransvar 
  • Det er ein fordel med førarkort

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert, fleksibel, interessert og har respekt og engasjement for pasientar med psykoselidingar
  • Du har særs gode evne til kontaktetablering og er nettverkskyndig
  • Du har evne til å arbeide målretta over tid og er samstundes trygg på å kunne handtere akutte situasjonar
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til god munnleg og skriftleg framstilling.
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga
  • Det er viktig at du er engasjert i faget og bidrar aktivt inn i teamet

Vi tilbyr

  • Det vil bli lagt til rette for fagleg og personleg utvikling
  • Høgt fagleg nivå
  • Hyggeleg arbeidsmiljø
  • Fleksibilitet i arbeidstida

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier,
Sykepleier / Psykiatri

Nøkkelord

Sykepleier, vernepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Line Nøkland
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 63 60
Kontaktperson
Andrea Skålvik
Stillingstittel
Psykologspesialist/ teamleiar
Telefon
55 95 63 30
Følg firma
2253 følger dette firmaet

Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 205066689
Sist endret 1. feb. 2021 14:21

Rapporter annonse