Utløpt

Lærarstillingar i Klepp kommune frå 01.08.2021

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Lærarstillingar i Klepp kommune frå 01.08.2021
Frist
15.02.2021
Ansettelsesform
Fast

Frå 1. august 2021 er det ledig fleire lærarstillingar. Me søker etter dyktige og engasjerte pedagogar med godkjent lærarutdanning for undervisning i grunnskulen.

Det kan vere behov for alle fag i grunnskulen

Fleire skular i kommunen er partnarskapsskular for grunnskulelærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger.

Klepp kommune har eit godt etter- og vidareutdanningstilbod.

Nyutdanna lærarar får rettleiing dei to første åra, med redusert undervisningsplikt 1. året i tråd med sentral avtale.

I skulane vil det bli ledig heil- og deltidsstillingar. Utlysinga gjeld både fast tilsetting og vikariat. Skriv ein kortfatta søknad", og eventuelt kva for ein skule du prioriterer.

Skulane i Hå, Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen som er eit framtidsretta skulesamarbeid der me jobbar saman for å utvikla den beste skulen for alle elevane og lærarane våre. Me har eit forpliktande samarbeid mellom kommunane på leiarnivå fordi oppdraget vårt med å utdanna og danna unge menneske som tek vare på kvarandre og demokratiet vårt i framtida, er så viktig at me må gjera det i lag.

Arbeidsstad

I Klepp kommune er det er seks barneskular, to ungdomsskular, ein kombinert barne- og ungdomsskule og kulturskule.
Klepp kommune samarbeider med Time kommune om Vardheia ungdomsskule. Kleppelunden skule vil stå ferdig om nokre år.
Kommunen har i tillegg språkstasjon ved Kleppe skule og Orstad læringssenter med alternativt opplæringstilbod.

Arbeidsoppgåver

Ta kontakt med rektor på den einskilde skule for nærmare opplysning om kompetansebehov.

Aktuelle søkarar vil bli innkalla til intervju ved den einskilde skule.

Tilsetting skjer på dei vilkår, og med dei pliktar som går frem av utlysinga og gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar for undervisningspersonalet i skulen.

Politiattest av nyare dato må leggast fram før oppstart.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent undervisningskompetanse.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Du har fokus på kvalitet og auka læringsutbytte hos elevane.
  • Du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega.
  • Du er god til å skapa gode relasjonar til alle elevar.
  • Du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson.
  • Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar.
  • Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid.
  • Du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel.
  • Du samarbeider og kommuniserer godt.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Vi tilbyr

Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.
Ansettelse skjer forøvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysing, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler.
Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk

Søknad
Søknadsskjema finn du ved å klikke på Søk på stillinga

Søknadsfrist er 15.02.2021

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Solavegen 1, 4351 Kleppe
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Nøkkelord

Kontaktlærer,, Klasseledelse,, Undervisning,, Allmennlærer,, Pedagogikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Harald Forsmo
Stillingstittel
Skolesjef
Telefon
46 94 42 73
Følg firma
244 følger dette firmaet

Solavegen 1, 4351 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 205025736
Sist endret 18. jan. 2021 09:20

Rapporter annonse