Utløpt

Seniorrådgjevar

Arbeidsgiver
Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning
Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Frist
31.01.2021
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

Diku har ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar, for tida ved Avdeling for utgreiing og analyse ved kontoret i Bergen. Stillinga er ledig frå 1. mars 2021.

Avdeling for utgreiing og analyse har 11 medarbeidarar og vert leia av ein avdelingsdirektør. Avdelinga har ansvar for å utarbeide rapportar, spørjeundersøkingar, evalueringar og utgreiingar, m.a.  årlege tilstandsrapportar for høvesvis høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning på vegne av Kunnskapsdepartementet. Avdelinga bidrar med rådgjeving internt i Diku, overfor utdanningssektor og myndigheiter.

Vi søkjer ein sjølvstendig medarbeidar som er initiativrik, påliteleg og har gode samarbeidsevner.  Den tilsette må kunne representere Diku i ulike fora og noko reiseverksemd i inn- og utland må påreknast.

Verdiane til Diku er open, kunnskapsdreven og nytenkande. Vi søkjer deg som ønsker å fremje desse verdiane, og vi legg særleg vekt på at du er godt eigna og motivert for stillinga. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke, og ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring samt ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Om du som medarbeidar har særskilte behov legg vi til rette for dette i så stor grad som mogeleg.


Arbeidsoppgåver
  • innhente, bearbeide, analysere og utvikle data for utdanningssektoren, særleg knytt til arbeid med tilstandsrapportar
  • utvikle og gjennomføre spørjeundersøkingar, brukarundersøkingar og evalueringar
  • formidle kunnskap og resultat
  • delta i og leie prosjekt på tvers av organisasjonen og ev. med eksterne partnarar
  • gje råd overfor myndigheiter og utdanningssektoren, og utforme innspel til politikkutvikling

Krav til kvalifikasjonar
  • høgare utdanning på masternivå og/eller tilsvarande realkompetanse
  • erfaring frå utgreiingsarbeid, evaluering og/eller forsking
  • god kompetanse innanfor samfunnsfagleg metode med vekt på statistikk
  • erfaring med prosjektleiing
  • god kjennskap til utdanningssektor og utdanningspolitikk
  • god digital kompetanse
  • særs gode munnlege og skriftlege kunnskapar i engelsk og norsk (bokmål og nynorsk)

Ønska kvalifikasjonar
  • erfaring med digitale verktøy for statistisk analyse
  • erfaring frå arbeid med utdanningskvalitet
  • kjennskap til internasjonalt utdanningssamarbeid
  • erfaring frå arbeid i politisk kontekst

Vi tilbyr
  • eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
  • høve til opplæring og fagleg utvikling
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • gode pensjons- og låneordningar frå Statens pensjonskasse
  • høve til trening i arbeidstida

Generelt

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Innhaldet i stillinga kan verte endra som følgje av omstillingar i Diku.

Stillinga vert lønna som seniorrådgivar (kode 1364) innan lønsspenn kr 575 600 - 708 000, etter kvalifikasjonar. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Trekk til pensjonstilskot i Statens pensjonskasse er på 2 %.

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal minst ein søkar i kvar av desse gruppene kallast inn til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivsærbehandling, må søkarane oppfylle visse krav. Vi oppmodar difor søkarar til å krysse av i Jobbnorge dersom dei oppfyller krava. Avkryssinga i Jobbnorge dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer til. Les meir om positiv særbehandling på DFØ sine?nettsider.

Ønsker ein søkar å reservere seg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bede om konfidensiell behandling. Søkaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert imøtekome, jf. offentleglova § 25.


Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsdirektør Ragnhild Tungesvik på tlf. 950 25 153. Vidare kan ein vende seg til HR-leiar Hege Rognøy Fossåskaret på tlf. 971 58 729 for generelle spørsmål om stillinga.

Søknad og komplett CV med oversyn over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal leggast inn via lenke på denne sida (Jobbnorge).


Om arbeidsgiveren

Diku skal bidra til å styrke kvaliteten i norsk utdanning. Vi fremjar utvikling og nyskaping, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformar. Eigaren vår er Kunnskapsdepartementet, og målguppa er norsk utdanningssektor på alle nivå.

Diku har 145 tilsette med hovudkontor i Bergen, samt kontor i Tromsø og Brussel.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Fortunen 1, 5013 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Analyse,
Saksbehandler
Følg firma
301 følger dette firmaet

Fortunen 1, 5013 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 204683393
Sist endret 15. jan. 2021 15:34

Rapporter annonse