Utløpt

Lærarstillingar i Time kommune frå 01.08.2021

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Lærarstillingar i Time kommune frå 01.08.2021
Frist
15.02.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Time kommune søkjer lærarar som vil vera med på ein spanande arbeidskvardag, og vera med på utviklinga av Timeskulen framover. Fokuset i alt me gjer er: Korleis fører arbeidet vårt til framgang i læring og utvikling for den enkelte eleven?

Arbeidsoppgåver

Det vert arbeidd aktivt med ny læreplan som trådde i kraft hausten 2020, og i dette samarbeider me som del av Jærskulen i partnarskap med ressurspersonar ved Universitetet i Stavanger. Hjå oss vil du vera del av eit kollegialt felleskap som har eit profesjonsfagleg fokus på læring og utvikling.

I Time arbeider me med å auka den profesjonsfagleg digitale kompetansen. Me har lærebrett 1:1 (iPad) som verktøy i læringsarbeidet på alle trinn på skulane våre. Med oss vil du få vera med å utvikla morgondagens skule. Vår ambisjon er at alle våre lærarar skal kunna realisera mål i læreplanen der teknologien er eit verktøy.

Livsmeistring er viktig for å læra. Me er opptekne av å sikra elevane eit godt læringsmiljø der den enkelte elev blir teken på alvor og sett kvar dag. Dette er ei stor oppgåve som fleire må stå saman om. I Time gjennomfører me derfor eit prosjekt som har tittelen Laget rundt læraren og eleven . Her er fokus å jobba førebyggjande. Viktige tiltak er å auka kompetansen til lærarane, auka ressurs av helsesjukepleiar på skulane, og at PPT er til stades på faste tidspunkt kvar veke. Saman med ressurspersonar på skulane skal ein finna og testa tiltak som kjem alle elevane til gode.   

Skulane i Hå, Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen som er eit framtidsretta skulesamarbeid der me jobbar saman for å utvikla den beste skulen for alle elevane og lærarane våre. Me har eit forpliktande samarbeid mellom kommunane på leiarnivå, fordi oppdraget vårt med å utdanna og danna unge menneske som tek vare på kvarandre og demokratiet vårt i framtida, er så viktig at me må gjera det i lag.

Faglege behov er grunnskulelærarar, allmennlærarar, lærarar med fordjuping i norsk, matematikk, engelsk, språkfag, naturfag, praktisk estetiske fag, spesialpedagogikk og pedagogisk bruk av læringsteknologi. 

Me søkjer etter deg som kan vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid som blir initiert av leiing og tilsette. Me er ute etter lærarar som har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og er dyktige klasseleiarar.

Hjå oss får du:
Arbeida saman med dyktige kollegaer i team
Arbeida på skular som er digitalt oppdatert i gode skulebygg
Nyutdanna lærarar får rettleiing i 2 år, der siste året er i grupper på tvers av skulane på Jæren.
Tilbod om etter- og vidareutdanning.

Me har ti skular i kommunen, av desse er fire ungdomsskular og seks barneskular. Dersom du ønskjer å prioritera kva skule eller skuleslag du søkjer til, skriv du dette i søknaden.

De finn meir informasjon om skulane på nettsida til Time kommune.

Me krev politiattest for tilsetting i skulen.

 

Om arbeidsgiveren



"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Pamela Sudmann
Stillingstittel
Skulesjef
Telefon
93 83 09 72
Følg firma
605 følger dette firmaet

Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 204648019
Sist endret 15. jan. 2021 14:53

Rapporter annonse