Utløpt

Stipendiatstilling i norsk som andrespråk

Arbeidsgiver
Høgskolen i Østfold
Stillingstittel
Stipendiat
Frist
10.03.2021
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Høgskolen i Østfold
Om stillinga

Ved Avdeling for lærarutdanning er det ledig ei stipendiatstilling i norsk som andrespråk. Planlagt oppstart er 1. september 2021, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. Stillinga er knytt til prosjektet Adult Acquisition of Norwegian as a second language (ALAN) (https://www.uib.no/lle/141811/adult-acquisition-norwegian-second-language-alan) finansiert av Norges forskningsråd.

Prosjektet er eigd av Universitetet i Bergen med Høgskolen i Østfold som samarbeidspartnar. I prosjektet skal det tilsetjast til saman to stipendiatar, ein på kvar institusjon. Dersom du også vil søkja stipendiatstillinga utlyst ved Universitetet i Bergen, kan du kontakte førsteamanuensis Ann-Kristin Helland Gujord, tlf. 55 58 24 57, e-post: ann-kristin.gujord@uib.no.

Adult Acquisition of Norwegian as a second language (ALAN)

I ALAN-prosjektet vil ein studere tidleg andrespråkslæring blant vaksne innlærarar utan høgare utdanning frå heimlandet. Det overordna føremålet er å utforska korleis denne gruppa vaksne innlærarar utviklar kommunikative ferdigheiter i andrespråket norsk i løpet av det første året med formell opplæring. For å kunne svare på det vil ein studere framveksten/utviklinga av språket innanfor tre område: grammatikk, vokabular og pragmatikk. I tillegg til at prosjektet vil beskrive og forstå korleis språket innanfor dei enkelte områda veks fram, er viktige mål å studere korleis utviklinga innanfor desse områda interagerer, og korleis desse ulike ferdigheitene verkar inn på den overordna evna til å kommunisere på andrespråket. Det vil bli samla data på to ulike stader i Noreg som ligg i to ulike dialektområde, Bergen og Østfold, for å også kunne undersøkje om, korleis og i kva grad talemålsvariasjonen i målspråket norsk påverkar tileigninga av norsk som andrespråk.

Ved hjelp av ulike metodar (narrativar, kommunikasjonsoppgåver og intervju) vil det i ALAN-prosjektet bli samla inn og analysert ulike typar av munnlege og skriftlege andrespråksdata. Delar av det innsamla materialet vil leggje grunnlaget for utvikling av eit nytt andrespråkskorpus, Munnleg andrespråkskorpus (MASK) utvikla i samarbeid med CLARINO, UiB.

Ph.d.-prosjektet må sikte mot å studere tileigning av norsk innanfor eit eller fleire av desse tre språkområda (grammatikk, vokabular, pragmatikk) blant vaksne andrespråksinnlærarar. Søkjarar må føreslå eit Ph.d.-prosjekt og levere ein prosjektomtale (sjå fleire detaljar under Slik søkjer du stillinga).


Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan norsk som andrespråk eller i norsk eller nordisk med oppgåve innretta mot norsk som andrespråk. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.
  • Søkjar må normalt ha A eller B på masteroppgåva, og masteroppgåva må ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng. 
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjar må ha svært gode kunnskapar om og ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg

I tillegg vil følgjande erfaringar bli rekna som ein fordel:

  • Erfaring med innsamling og handtering av data, særleg data frå ein andrespråkskontekst
  • Erfaring med undervisning i norsk som andrespråk
  • Erfaring med vurdering av munnleg eller skriftleg andrespråksproduksjon
  • Erfaring frå deltaking i anna forskings- og utviklingsarbeid

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er. I rangeringa vil det også kunne bli teken strategiske omsyn som sikrar at dei to stipendiat-stillingane i prosjektet plasserer seg ulikt innanfor dei tre språkområda.


Spesielt for stipendiatstillingar

For opptak til doktorgradsprogram er det krav om mastergrad eller tilsvarande innanfor relevante disiplinar eller fagområde. Opptak til doktorgradsprogram er eit vilkår for tilsetjing som stipendiat. Endeleg plan for forskarutdanning skal vera godkjend og avtalefesta seinast tre månader etter tilsetjing. Frist for opptak til doktorgradsprogram er sett til seks månader etter tilsetjing.

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med avdelinga og prosjekt-leiinga ved tilsetjing.

Stipendiaten vil også inngå i forskarfellesskapen i ALAN-prosjektet og delta i og førebu møte, seminar, workshops og konferansar ved Høgskolen i Østfold og Universitetet i Bergen. 

Tilsetjing i stillinga krev at ein hovudsakleg har sin daglege arbeidsplass ved Høgskolen i Østfold.


Vi tilbyr
  • løn som 1017 stipendiat mellom kr 482 200 - 545 300. Løna di vil vere avhengig av ansienniteten du har.
  • gode velferdsordningar og medlemskap i Statens pensjonskasse
  • eit godt arbeidsmilø med rom for faglege utfordringar

Innsending av søknad

Søknaden skal sendast inn gjennom Jobbnorge. Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Masteroppgåva
  • Relevante attestar
  • Prosjektomtale (inntil 5 sider), sjå nettsida til prosjektet for relevant bakgrunnsinformasjon. Prosjektomtalen skal innehalde:
    • Eit kort samandrag (abstract) som samanfattar prosjektet.
    • Forankring i forskingsfeltet. Korleis plasserer prosjektet seg, og korleis vil det tilføre ny kunnskap?
    • Hovudmålsettingar, forskingsspørsmål og eventuelt hypotesar
    • Teoretisk tilnærming og metodologi
    • Tidsplan
    • Litteraturliste
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.


Spørsmål om stillingen

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte dosent Ragnar Arntzen, tlf. 69608134, ragnar.arntzen@hiof.no eller førsteamanuensis Åshild Søfteland, tlf. 98473790, ashild.softeland@hiof.no.


Andre opplysningar

Høgskolen i Østfold praktiserer eit inkluderande arbeidsliv og følgjer opp regjeringas inkluderingsdugnad. Det betyr at vi ønskjer velkommen kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentera ein samanhengande yrkeskarriere.

Vi praktiserer meiroffentlegheit i staten. Dersom du ønskjer konfidensiell behandling av søknaden, gjer vi merksam på at opplysningar om deg likevel kan bli gjort kjent. Du vil då få informasjon om dette, jf. Offentleglova § 25.


Om arbeidsgiveren

Høgskolen i Østfold held til i Fredrikstad og Halden - tett innpå skjergarden og flott turterreng i skog og mark, med kort veg til storbyar som Oslo og Gøteborg.

Vi er ein statleg høgskole med rundt 7500 studentar og 625 tilsette fordelte på dei to studiestadene. Høgskolen har ein brei studieportefølje som spenner over alt frå profesjonsutdanningar til kunstutdanningar, både på bachelor- og masternivå. Høgskolen arbeider med å etablera eit doktorgradsprogram innan fagområdet "Det digitale samfunnet".

Avdeling for lærarutdanning er lokalisert på studiestad Halden og har over 130 tilsette og ca. 2000 studentar. Vi utdannar lærarar til barnehage og skole, og tilbyr profesjonsutdanningar retta mot barnehage, grunnskole og vidaregåande skole.

Vi tilbyr følgjande masterstudium: barnehagepedagogikk og småbarnsvitskap, spesialpedagogikk, norsk i skolen, og dessutan grunnskolelærarutdanning 1-7 og 5-10.

Våre tilsette driv profesjonsretta forsking og er organisert i tverrfaglege forskargrupper som samarbeider med praksis- og partnarinstitusjonar i inn- og utland.

Sektor
Offentlig
Sted
BRA veien 4, 1785 Halden
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor,
Undervisning og pedagogikk
Følg firma
554 følger dette firmaet

BRA veien 4, 1785 Halden

Annonseinformasjon

FINN-kode 204585544
Sist endret 14. jan. 2021 16:34

Rapporter annonse