Utløpt

Spanande mogelegheit for senior designar med prosjektleiar erfaring!

Arbeidsgiver
Voss Prenteverk Grafiske Tenester AS
Stillingstittel
Senior Designer
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Vikariat

Voss Prenteverk søkjer senior designar til 1-års vikariat med god mogelegheit for fast tilsetjing.


Brenn du for god kommunikasjon, resultatorientert design og for å skapa profesjonelt innhald for både digitale og analoge kommunikasjonsflater? 


Me er på jakt etter ein løysningsorientert og fleksibel designar som likar å jobba i tverrfaglege samarbeid og gjerne har evna til å leia større prosjekt. Hjå oss får du fridom til å utforska din kreativitet, heve designkompetansen og utvikla ditt strategiske potensial.


Voss Prenteverk leverer mellom anna tenester innan visuell kommunikasjon, grafisk design, webdesign, marknadsstrategi, digital marknadsføring, rådgjeving og mykje meir for våre kundar.


Me meiner at god design og kommunikasjon handlar om å forstå og evna til å setje seg inn i kundens behov. Me trur på det enkle og effektive. Samstundes ynskjer me å levera noko som er unikt og tilpassa kvar enkelt kunde. Me ynskjer å væra ein utviklingspartnar og langsiktig rådgjevar for våre kundar. Når me går inn i eit kundeforhold, ynskjer me å få til eit samarbeid som kan utvikla seg over tid.


Me veit at dei beste resultata kjem fram gjennom eit kreativt og tverrfagleg samarbeid. Voss Prenteverk er difor samlokalisert – og samarbeider dagleg med fleire lokale verksemder med spesialkompetanse innan mellom anna film, foto og webutvikling. I tillegg er Voss Prenteverk også ein del av Mantel AS som gjev oss eit sterkt kompetanse nettverk og ikkje minst eit solid fagleg samarbeid også utanfor Voss.


Dersom du har stålkontroll på designfag- og metodikk, samstundes som du er god på å tenkje heilskapleg og sjå det store biletet, vil me gjerne høyre frå deg. 


Hjå oss får du jobba saman med fine folk i et triveleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vert ein del av eit veksande og fagleg sterkt miljø og får mogelegheita til å påverka din eigen arbeidskvardag!



I tillegg får du:

• Leie designprosessar kor fleire fagområder er involvert

• Jobba med design, både på eit overordna, strategisk nivå og på detaljnivå

• Bidra med designfagleg kompetanse og arbeidsmetodikk

• Utvikle våre kundars merkevarer og sørge for å skape gode, heilskaplege merkeopplevingar

• Setje deg inn i kundenes strategiske mål og utfordringar

• Eigarskap til prosjekt, jobbe tett på kunden og fylgje prosjektet heile vegen



Me er på utkikk etter deg som:

• er nysgjerrig, omgjengeleg og grei

• er ein dyktig og ambisiøs designar

• er sjølvgåande og initiativrik

• likar å samarbeide og kan ta eit overordna ansvar for prosjekta du er involvert i

• er både kreativ, konseptuell og analytisk

• forstår at design er eit strategisk verktøy

• er god på tekst og kan uttrykkje deg godt både skriftleg og munnleg, og gjerne på både nynorsk og bokmål.

• har kompetanse og erfaring med digitalt design

• er oppteken av fagleg utvikling


Du har:

Mastergrad eller Bachelor innan visuell kommunikasjon/ grafisk design.


 

Om arbeidsgiveren

Voss Prenteverk er ein del av Mantel AS, som i består av fleire kommunikasjonsbyrå og forlag. Me jobbar hovudsakleg med rådgjeving, design for merkevarer og utviklar visuelle utrykk og kommunikasjon for både digitale og analoge flater.

Sektor
Privat
Sted
Vossabygg 13, 5700 Voss
Bransje
Markedsføring og annonsering,
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Design / Grafisk,
Prosjektledelse,
Rådgivning

Nøkkelord

digital designer, web frontend, design, markedsføring, merkevarebygging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Synneva Storli
Mobil
45 88 12 28
Følg firma
2 følger dette firmaet

Vossabygg 13, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 204548104
Sist endret 25. feb. 2021 12:56

Rapporter annonse